Søkeresultater for Aurland Kommune

  1. /
  2. Aurland Kommune

Viser 1-25 av 41 resultater

  1. Aurland Kommune

    Aurlandshallen – utviding, ny boksehall.

    Aurland Kommune trenger bygge- og anleggskompetanse for å levere utvidelse av Aurlandshallen med en ny boksehall til en verdi av 15 000 000 NOK. Det skal bygges en ny boksehall med god takhøyde, treningssal med apparater og spinningssykler, samt garderober fordelt på 1-2 etasjer. Et viktig formelt krav er at leverandøren må ha de nødvendige tekniske og faglige egenskapene for prosjektet.

    NorgeKonkurranse2. nov. 2023
    4. des. 2023(Utgått)
    15 000 000 kr
  2. Aurland Kommune

    Omsorgsbustader Aurland, nybygg og ombygging

    Tilbodsforespørselen gjeld utviding av Aurland Helsetun, med nybygg som erstatning for fløy frå 1958 som er riven, samt ombyggjing av deler av fløy frå 1978. Aurland kommune skal setje opp eit nybygg og bygge om delar av eksisterande bygningsmasse. For å få gjennomført dette, har kommunen gjennomført riving av deler av eksisterande bygg i eigen entreprise. Ombygging av andre delar av eksisterande bygningsmasse, nevnt som fløy 2003, vert vurdert som eigen entreprise på eit seinare tidspunkt. Entreprisane som inngår i denne konkurransen vil omfatte nybygg med omsorgsbustader og ombyggjing av deler av 1978 fløyen.

    NorgeKonkurranse27. sep. 2021
    8. nov. 2021(Utgått)
    90 000 000 kr
  3. Aurland Kommune

    Omsorgsbustader Aurland, riving av eksist bygningsmasse

    Oppdraget gjeld riving, sanering og deponering av avfall, for deler av eldre bygningsmasse ved Aurland Helsetun. I høve at kommunen skal sette opp nybygg, og byggje om andre deler av eksisterande bygningsmasse. Oppdraget skal utførast som hovudentreprise og som kontraktsgrunnlag gjeld NS 8405 Planlagt oppstart av riving 01.juni 2021 og estimert ferdigstilling 31.juli 2021

    NorgeKonkurranse8. apr. 2021
    3. mai 2021(Utgått)
    3 000 000 kr
  4. Aurland Kommune

    Rassikring i Flåm

    Tiltaket omfattar skredsikring over bustadområde, like ved idrettsbana på nordsida av Flåm sentrum. Skredsikringstiltaket ligg på gnr/bnr 49/1 i Aurland kommune, mellom Nedre Brekkevegen og E16 ved Flenjatunnelen. Bakgrunn for utforming av sikringstiltaker framgår av tidligare vurdering og rapport frå Multiconsult. For å sikre området mot skred skal det byggjast ein ledevoll. Ledevollen er planlagt utført med tørrmur på skredsida og skråningsutslag, fylling,mot bustadfeltet. I ende mot vest skal ledevollen utformast med dobbelsidig mur. Langs murfoten skal det etablerast grøft med plastringsstein. Det må byggjast anleggsveg inn i området.

    NorgeKonkurranse14. sep. 2020
    15. okt. 2020(Utgått)
    5 000 000 kr
  5. Aurland Kommune

    Aurland barnehage, totalentreprise

    Aurland kommune skal bygge ny barnehage for 54 born. Tomta ligg like ved Aurland barne- og ungdomsskule, skulevegen 5. Tomta er i dag ubebygd, og består av dyrka mark som blir disponert av jordbruksskulen fram til byggestart. Ny barnehage består av administrasjon, 4 avdelinger og fellesareal. Barnehagen har ein tradisjonell avdelingsstruktur, 2 og 2 avdelingar deler inngangsparti. Administrasjon og dei ansatte har eigen inngang med tilhøyrande garderober. Opparbeiding av ny infrastruktur og nytt uteområde med leikeareal, rundt den nye barnehagen, skal også være med i tilbodet. I tilknytning til prosjektet skal det også opparbeidast utvida parkering og breiare fortau mellom AIS og Hopen. Denne delen av tiltaket må vere ferdig før eller samstundes med ny barnehage, pga rekkefølgekrav i reguleringsplanen.

    NorgeKonkurranse31. juli 2020
    8. sep. 2020(Utgått)
    30 000 000 kr
Aurland Kommune | Anbudssøk i Cobrief