Statsforvaltaren I Vestland
Levering av tenester i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde
Arbeidet som skal utførast er ulike mindre og mellomstore oppdrag i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde. landskapsvernområde. Verneområdestyra får årleg tildeling av tiltaksmidlar over statsbudsjettet via Statsforvaltaren i Vestland. Avtale vert underteikna av Statsforvaltaren på vegne av verneområdestyra og midlane utbetalt mot faktura. Val av tiltak som kan setjast i gang er avhengig av tildelte midlar det enkelte året. Statsforvaltaren vil skrive rammeavtale med fleire leverandørar. Aktuelle oppdrag: - Tilrettelegging av stiar og ferdselsvegar - Skjøtsel - Trearbeid/Byggearbeid - Mindre anleggsarbeid - Ymse mindre oppdrag ute i felt For meir detaljert skildring, sjå konkurransegrunnlag som ligg vedlagt.