Søkeresultater for Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

  1. /
  2. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

Viser 1-25 av 107 resultater

  1. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Opparbeiding av uteområde ved Firda vidaregåande skule

    Anskaffinga gjeld opparbeiding av tun- og uteområdet ved Firda vidaregåande skule. Føremålet med anskaffinga er oppgradering av utomhusanlegget ved skulen. Oppdraget er delt inn i delområde 1,2 og 4. I første omgang vert opparbeiding av delområde 1 og 2 prioritert. Delområde 4 er ikkje med i budsjettet for utføring i 2019, og er i denne omgang med kun som ein opsjon for evt. seinare utføring. Heile oppdraget vil medføre mindre bearbeiding av terreng, bygging av enkle utandørs konstruksjonar i tre, konstruksjonar i betong og betongstein evt. naturstein. Fagområdet vil vere bygg- og anlegg, tømrar, elektro og VVS. Entrepriseform: oppdraget vil verte utført som totalentreprise.

    NorgeKonkurranse20. sep. 2019
    4. okt. 2019(Utgått)
    2 800 000 kr
  2. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    CNC Dreiebenk og CNC Fres til Dale vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule

    Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Dale vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule ønskjer å innhente tilbod på 2 stk. CNC Dreiebenkar og 1 stk. CNC Fres for bruk i undervisning på TIP (Teknisk Industriell Produksjon). Dreiebenkane og fresen må difor vere robuste og av god kvalitet. Innkjøpet vil bli gjort hausten 2019, og vara skal vere fritt levert og montert i verkstad på kvar av dei vidaregåande skulane. Dale vidaregåande skule skal ha ein stk. dreiebenk og ein stk. fres, og Flora vidaregåande skule skal ha ein stk. dreiebenk.

    NorgeResultat18. sep. 2019
  3. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Drift av hurtigbåtruter i Sogn og Fjordane frå 01.05.22 – konkurransegrunnlag på høyring

    Dagens kontraktar på lokalbåt i Sogn og Fjordane og hurtigbåt mellom Sogn og Fjordane og Bergen går ut 30.04.22. I den forbindelse skal Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomføre kjøp av rutetenester for perioden etter 1. mai 2022. Sjå tidlegare rettleiande kunngjeringar om dette med Doffin-referanse 2018-363102 og 2019-324223. Vi planlegg å kunngjere konkurransen 20.11.19. Vi har delt ruteproduksjonen inn i 3 rutepakkar: • Rutepakke 1 Ekspressbåt Sogn og Fjordane – Bergen • Rutepakke 2 Lokalbåtruter i Flora, Bremanger, Vågsøy, Høyanger og Vik • Rutepakke 3 Lokalbåtruter i Gulen og Solund I samband med anskaffinga legg vi ut utkast til konkurransegrunnlag på høyring. Konkurransegrunnlaga og eit høyringsnotat med meir informasjon om konkurransen og høyringa finn de her: https://www.sfj.no/hoeyring-lokale-hurtigbaatanbod-i-sogn-og-fjordane.506859.nn.html Høyringssvar kan sendast til batanbod@sfj.no innan 4. oktober.

    NorgePlanlegging18. sep. 2019
    17. sep. 2019(Utgått)
  4. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    CNC Dreiebenk og CNC Fres til Dale vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule

    Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Dale vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule ønskjer å innhente tilbod på 2 stk. CNC Dreiebenkar og 1 stk. CNC Fres for bruk i undervisning på TIP (Teknisk Industriell Produksjon). Dreiebenkane og fresen må difor vere robuste og av god kvalitet. Innkjøpet vil bli gjort hausten 2019, og vara skal vere fritt levert og montert i verkstad på kvar av dei vidaregåande skulane. Dale vidaregåande skule skal ha ein stk. dreiebenk og ein stk. fres, og Flora vidaregåande skule skal ha ein stk. dreiebenk.

    NorgeKonkurranse30. aug. 2019
    10. sep. 2019(Utgått)
    1 300 000 kr
  5. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Intensjonskunngjering - kjøp av musikkpedagogtenester

    Musikkpedagogtenester til Firda vgs. Dette er eit supplement til musikkpedagogane tilsett ved skulen. Dette gjeld særleg musikkpedagogar innan song og piano. Det er stort behov for disse da alle musikkelevane må ha timar i disse to instrumenta. Det vil også vere behov for pedagogar på andre instrument, kva type instrument vil variere frå år til år. Det er ønskjeleg med avtale med éin leverandør for å lette administrasjonsarbeidet til skulen. Det er også ønskjeleg med ein leverandør som er fysisk plassert i nærleik til den vidaregåande skulen, slik at hovudtyngda av elevane ikkje treng å reise langt for å få musikkundervisning. Merk: Det vil vere tilfelle der einskilde elevar reisar langt for å få undervisning, men dette er da grunna behov for særleg god kvalitet på tenestene. Denne type kjøp er ikkje dekka av kjøpet omtalt her. Frist for motføresegner vert satt til 26. august.

    NorgePlanlegging12. aug. 2019
    11. aug. 2019(Utgått)
  6. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Kartlegging av eksisterande og planlagde breibandnett i Sogn og Fjordane fylke i samband med statsstøtte til utbygging

    Det er søkt om statsstøtte til utbygging av breibandsnett i områda skildra i vedlagte dokument. Det gjeld område i kommunane Fjaler, Luster, Gaular, Aurland, Årdal, Bremanger, Førde , Selje, Eid, Naustdal, Askvoll, Gulen, Jølster Føremålet med denne kunngjeringa er å gje leverandørar av breibandtenester moglegheit til å kome med innspel før endeleg kunngjering av konkurransegrunnlaget. Ettersom det berre blir gjeve statsstøtte til neste generasjons breiand (med nedlastingshastigheiter på minst 30 Mbit/s), er det berre eksisterande eller planlagde nett med tilbod om slik hastighet som skal kartleggast. Aktørar som allereie har – eller har planar om utbygging av - slikt breibandnett i heile eller deler av dei aktuelle områda, blir difor bedt om å melde frå om dette til: kristin.arnestad@sfj.no seinast 15.08.2019, kl. 12.00. For aktørar som ikkje allereie har nett i område, men som har planar om å bygge ut i dei nærmaste tre åra, skal planane være konkrete.

    NorgePlanlegging5. juli 2019
    4. juli 2019(Utgått)
    100 734 480 kr
  7. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Prosjektleiing

    Anskaffing av prosjektleiartenester for oppfylging av byggeprosjekt i regi av bygge- og eigedomstenesta. Stillinga er berekna til om lag stillingsprosent på 60-100%, men vil variere i dei ulike fasane. Prosjektleiar er føresett å ha fast kontorplass på fylkeshuset på Leikanger 3 til 4 dagar i veka. Reiser til Førde og ev andre byggeplasser i fylket for deltaking i byggemøter og liknande må påreknast.

    NorgeResultat30. mai 2019
  8. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Konsulenttenester til konkurransegjennomføring - bygging av "Nynorskhuset i Førde"

    Sogn og Fjordane fylkeskommune v/innkjøpstenesta ønskjer å få tilbod på konsulenttenester knytt til gjennomføring av anskaffing (leige/ kjøp/ leige med seinare kjøp) av lokale til «Nynorskhuset i Førde». Sogn og Fjordane fylkeskommune gjer denne anskaffinga på vegner av styringsgruppa for «Nynorskhuset i Førde» som består av representantar for Sogn og Fjordane Teater, NRK Sogn og Fjordane og avishuset Firda. Vald leverandør skal skrive kontrakt med Firda Media.

    NorgeKonkurranse6. mai 2019
    20. mai 2019(Utgått)
    500 000 kr
Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020 | Anbudssøk i Cobrief