Søkeresultater for Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

  1. /
  2. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

Viser 51-75 av 107 resultater

  1. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Anbod 2018 - Forvaltning av elektrisk kraft

    Føremålet for utlysinga er å inngå rammeavtale med ein leverandørar for kjøp av fysisk kraft, administrasjon og portefølje-forvaltning av elektrisk kraft til bruk i SFFI og Hordaland fylkeskommune (HFK) sine eigne bygg, anlegg og gatelys i samsvar med adresseliste (vedlegg E og G). Tilsvarande administrering og forvaltning av elsertifikat skal her høyre med i den elektriske energiforsyninga. Leverandør skal vidare levere analyser og gi råd i samband med forvaltninga av krafta. Leverandør skal også tilby eit rapporteringsverktøy til bruk for oppdragsgjevar. Tilbydar må ta høgde for at avtalen vil ha to forskjellige avtaleporteføljar, ein med høgare risikoprofil og ein med lågare risikoprofil. Avtalen inkluderer ein opsjon på fornybar kraft med opphavsgaranti etter fornybardirektivet.

    NorgeKonkurranse22. juni 2018
    30. aug. 2018(Utgått)
    560 000 000 kr
  2. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Nytt ysteri, Sogn jord- og hagebruksskule

    Sogn Jord- og Hagebruksskule skal renovere og utvide ysteriet ved skulen. Det skal nyttast primært til undervisning, men også til produksjon. Noverande ysteri er bygt som del av driftsbygning i 1998. Yttervegger er utført i leca isoblokk og bjelkelag og tak som trekonstruksjon. Ombygging av eksisterande omfattar ca. 70 m2 i ein etasje. Arbeidet omfattar arbeid med skjering av betonggolv, riving av div. vegger og himlingar, tilpassing av opningar til tilbygg og oppattbygging av innvendige bygningsdeler med fornying av dei fleste overflater. I tillegg skal utvendig konstruksjon med trapp og takoverbygg rivast. Eksisterande fjøs er tekka med torv. Som opsjon skal det gjevast pris på fjerning av torvtekking og nytt opplekta tak med betongstein. Tilbygg er på ca. 50 m2 BTA med loft over og overdekka utvendig trapp. Golv på grunn, yttervegger, etasjeskilje og tak utført som trekonstruksjonar. Innvendige overflater med hygienekrav. Taktekking med betongtakstein.

    NorgeKonkurranse8. juni 2018
    28. juni 2018(Utgått)
    3 600 000 kr
  3. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Marknadsdialog Forvaltning elektrisk kraft

    Sogn og Fjordane fylkeskommune med ca 17 samarbeidskommunar og Hordaland fylkeskommune skal inngå ny avtale om levering av elektrisk kraft. Vi tar sikte på å lyse ut ny konkurranse før sommaren. Vi ønskjer å få innspel frå leverandørmarknaden på kva vi skal ta omsyn til konkurransedokumenta og tildelingskriteria, og kallar med dette inn til ein-til-ein dialogmøte 23. mai. Påmelding til oddrun.roysum@sfj.no seinast 15.mai. For fleire detaljar, sjå vedlagt invitasjon.

    NorgePlanlegging3. mai 2018
    2. mai 2018(Utgått)
    260 000 000 kr
  4. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Miljøovervåking av innsjøar

    Sogn og Fjordane fylkeskommune og vassområdeutvala i Sogn og Fjordane ønskjer å kjøpe konsulenttenester med prøveta-king og analyse av planteplankton og relaterte fysiske og kjemiske parametere i innsjøar. For alle dei utvalde vassførekomstane er det mistanke om organisk belastning og eutrofiering. Tenesta omfattar klassifisering av økologisk tilstand basert på dei innsamla resultata. Føremålet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag til å vurdere økologisk tilstand, menneskeskapt påverknad og behov for tiltak. Tenesta vil bidra til problemkartlegging som er nedfelt i tiltaksprogrammet for Sogn og Fjordane vassregion etter vassforskrifta. Det er valt ut 20 innsjøar, som går fram av Vedlegg 1. Nærare opplysningar om vassførekomstane finn ein på http://vann-nett.no. Oppdragstakar tek atterhald om endringar i dette utvalet, også reduksjon eller auke i tal vassførekomstar.

    NorgeKonkurranse25. apr. 2018
    22. mai 2018(Utgått)
    1 500 000 kr
  5. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Rådgjevar tenester programmering og anbodsgrunnlag nye Førde vidaregåande skule

    Etablering av eit nytt og samla opplærings- og kompetansesenter i Førde er eit stort investeringsprosjekt som legg opp til samlokalisering av Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule til ein felles ny vidaregåande skule i Førde og samlokalisering med fagskulen. Prosjektet omfattar vidare ny tannhelse-klinikk i Førde og bygging av fleirbrukshall. Med grunnlag i FEF arealmodell er det utarbeid ei førebels arealramme på omlag 22.000 m2 for eit samla prosjekt lokalisert på Øyrane ved dagens vidaregåande skule der. Eksisterande skuleanlegg på staden er om lag 9.000 m2. Ut frå dette er det førebels og på eit grovt grunnlag, kalkulert eit forventa investeringsbehov for ombygging og nybygg på om lag 500 mill. kr. inkl. mva. Truleg har denne delen av prosjektet/anskaffinga ein total verdi på mellom 2 og 5 millionar kroner ekskl. mva. Vi gjer merksam om at dette er berre er eit svært grovt anslag og ikkje speglar kva oppdragsgjevar er villig til å betale for varene/tenesta.

    NorgeKonkurranse3. apr. 2018
    2. mai 2018(Utgått)
    5 000 000 kr
  6. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Måløy vgs, rehabilitering av B- og C-fløy

    Prosjektet omfatter i hovedsak innvendige ombyggingsarbeider på Fløy B og Fløy C ved Måløy videregående skole. Graden av ombygging varierer fra lite/ ingenting i enkelte deler av arealene til mer omfattende arbeid med ny berestruktur. Det er også noe nytt areale, blant annet ved de nye trapperommene og ved fløyene B og C som skal sammenbygges.

    NorgeKonkurranse20. mars 2018
    23. apr. 2018(Utgått)
    50 000 000 kr
  7. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Anbod 2018 Reinhald Sogn jord- og hagebruksskule

    Føremålet med utlysinga er å inngå avtale med èin (1) leverandør for levering av reinhaldstenester til Sogn jord- og hage-bruksskule, i Aurland. Oppdraget består av fylgjande tenester: • Regelmessig reinhald • Faste tilleggstenester (for eksempel påfylling av såpe og papir) • Periodisk reinhald (for eksempel utvendig vindaugsvask, boning)

    NorgeKonkurranse28. feb. 2018
    6. apr. 2018(Utgått)
    1 700 000 kr
  8. Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Ombygging av undervisningskjøken, Styn vidaregåande skule.

    Som ei følgje av endringar i skulestrukturen har deler av utstyr og innreiing på Restaurant- og matfagavdelinga blitt avhenda til andre vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Per i dag er deler av kjøkkenet (Kjøkken 1) mot Kåre Roseths plass delvis demontert. Stryn vidaregåande skule ønskjer å gjere ein del byggtekniske endringar på Kjøkken 1 slik at lokalitetane er meir tenelege og fleksible med tanke på inntening og opplæring. Vi tenkjer oss følgjande aktivitetar i lokala : A. Kurs og opplæring til eigne elevar og vaksne B. Interne arrangement C. Utleige til eksterne aktørar ved ulike arrangement Som ramme for prosjektet er det utarbeida teikningar og beskrivingar for byggfag, samt funksjonsbeskrivingar for VVS og elektrofag. Engasjerte rådgjevarar i forprosjektet er fristilt i høve til vidare framdrift. Entrepriseform: totalentreprise. Totalentreprenør skal detaljprosjektere og utføre tiltaket. Brannprosjektering skal leverast av byggherre.

    NorgeKonkurranse19. jan. 2018
    28. feb. 2018(Utgått)
    5 200 000 kr
Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020 | Anbudssøk i Cobrief