Søkeresultater for Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

  1. /
  2. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

Viser 26-50 av 92 resultater

  1. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Breibandsnett - Florapakken

    Flora kommune skal starte utbygging av eit framtidsretta breibandnett i Nyttingnes, Sandvika, Steinhovden, Høydalen, Ausevikja/Standal, Klauene, Grøndal og Sunndalen (Florapakken) . Oppdragsgjevar vil gje eit vederlag for å få utbygd breiband i nemnde område. Tenesteytaren vil bere utgiftene ved å etablere og drifte tenesta. Inntektene sikrast gjennom kommersiell utnytting av tenesta, vanlegvis gjennom sluttbrukar sitt abonnement ved kjøp av tenesta.

    NorgeKonkurranse10. mai 2019
    1. juli 2019(Utgått)
    7 305 000 kr
  2. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Opprusting av uteområdet ved Steinhovden skule - Totalentreprise

    Grendalaget har i samarbeid med Flora kommune vedteke å etablere eit Nærmiljøanlegg ved Steinhovden oppvekstsenter. Målsetting med anlegget er betra folkehelse gjennom auka fysisk aktivitet og samhald. Målgruppa er både born og vaksne gjennom ulike anlegg; ballbinge, klatrepark, løpebane m/lengdegrop, sosialsone, skatebane. Nærmiljøanlegget skal realiserast stegvis over fleire år. Ballbingen er alt realisert. No er det resten som skal realiserast. Konkurransen gjennomførast som kjøp etter forhandlingar

    NorgeKonkurranse30. apr. 2019
    29. mai 2019(Utgått)
  3. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Rammeavtale for kjøp av overnattings- og konferansetenester

    Oppdragsgjevar vil gjennom denne anskaffinga inngå rammeavtale med fleire leverandørar for levering av hotell/overnattings- og konferansetenester til Flora kommune og til Nye Kinn kommune. Denne anskaffinga er geografisk avgrensa til å omfatte tenester levert i Ytre Nordfjord – Ytre Sunnfjord. Hensikta med inngåing av slik avtale er å få på plass eit enkelt system for booking og gjennomføring av dagskonferanser og møter med fleire deltakarar i samband med samanslåing og drift av ny kommune. Det vil også kunne være aktuelt å gjennomføre konferansar over fleire dagar, med tilhøyrande overnatting og bevertning. I tillegg vil ein hente inn pris for enkeltovernatting inkl frukost, til bruk i særskilte tilfelle. Det er uklart kva omfang anskaffinga vil ha, men ein antek at samla volum for 2019 og 2020 vil kunne blir om lag 2 mill fordelt på fleire leverandørar.

    NorgeKonkurranse26. apr. 2019
    15. mai 2019(Utgått)
  4. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Oppgradering/oppussing av lokala til Dagtilbodet - Totalentreprise

    Flora Kommune har etablert eit dagtilbod for eldre og andre brukare på Flora Omsorg senter (Floms), som trenger ei daglig avlastning i heimen. Denne avdelinga skal opp graderast med nye overflater, noko vindu utskifting, riving av innvendig betongtrapp, nye golvbelegg, ny maling på vegger, lister og delvis tak, litt elektro og sanitær arbeid. Se vedlagt masseoppsett. I byggeperioden vil det ikkje være aktivitet i berørte areal. Floms er i bruk 24/7 på pasientfløyer. Dei er i tilstøytane bygg. Støyande arbeid må være innafor normal arbeidstid, elles kan det arbeidas til kl. 20.00 ved behov eller anna avtale med byggeigar.

    NorgeKonkurranse12. apr. 2019
    25. apr. 2019(Utgått)
  5. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    System for helsestasjonstenestene - Kinn kommune

    Flora kommune og Vågsøy kommune skal bli til Kinn kommune i 01.01.2020. I dag nyttar Vågsøy kommune Infodoc Plenario, og helsestasjonstenestene (jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesta samt helsestasjon for ungdom) dokumenterer i same installasjon/ base som legekontoret i Måløy. Flora kommune har CGM helsestasjon som eigen installasjon uavhengig av legekontoret. Flora har også jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom i denne installasjonen. I tillegg er det oppretta teneste for reisevaksinasjon/smittevern. Vi må som Kinn kommune ha eit helsestasjonssystem. Vi meiner at det av omsyn til personvernet er nødvendig å installere dette i eigen database og uavhengig av installasjonen til eit legekontor.

    NorgeKonkurranse12. apr. 2019
    15. mai 2019(Utgått)
  6. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Dynamisk innkjøpsordning for kjøp og leasing av køyretøy

    Oppdragsgiver ønskjer ein avtale som skal dekke behov for transport. Dette omfatter både kjøp og leasing av bilar. Dagens bilpark er hovudsaklig bensin og dieselbilar. Vi har i dag nokre el-bilar og omfanget av el-bilar vil auke i perioden. Tempoet for overgang til fosilfri bilpark vil variere for dei ulike deltakarane. Oppdragsgjever ønskjer at den framtidige bilflåten skal dreies mot å bli betydelig meir miljøvennleg. Oppdragsgjevar skal etablere ein dynamisk innkjøpsordning på kjøp og operasjonell leasing av kjøyretøy. Ein del av konkurransene vil kunne etterspørre kun kjøretøy med fosilfri drivlinjene. Kyøyrretøy som vil anskaffes er primært, men ikkje begrenset til: Personbil Liten varebil Varebil under 3,5 tonn Kombinert bil (8+1 seter) Minibuss

    NorgeKonkurranse3. apr. 2019
    6. mai 2023(Utgått)
  7. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Anbod - Tilførslar Renseanlegg Kanalen, Tiltak 1

    Flora kommune innbyr til å delta i konkurransen «Florø reinseanlegg – Tiltak 1» om utbygginga av transportsystem for avlaupsvatn til nytt reinseanlegg. Tiltak 1 omfattar arbeid i 4 ulike områder, Båtevika, Nygård, Solheim og plassen ved det nye reinseanlegget. Fire slamavskiljarar skal sanerast og leidningsnett leggast om/byggast slik at avlaupsvatn blir ført til nytt reinseanlegg. Det skal byggast to avlaupspumpestasjonar, ein i Båtevika og ein ved reinseanlegget. Frå Båtevika og Nygård, skal det leggast sjøleidningar fram til eit koplingspunkt nær reinseanlegget. Etablering av tilkomst/snuplass ved pumpestasjonen i Båtevika, samt arbeid i fylkesveg og gangveg på Nygård. Det vil bli litt tilkøyring av eksterne massar, samt vekktransport og behandling av betongmassar. Anskaffinga blir gjennomført som generalentreprise. Anlegget må være ferdig og idriftsett til opning av nytt reinseanlegg 1.september 2019.

    NorgeKonkurranse10. jan. 2019
    11. feb. 2019(Utgått)
  8. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Anbod PC og IT-utstyr 2019

    Oppdragsgjevar vil gjennom denne anskaffinga inngå rammeavtale med ein -1- leverandør for levering av PC, tynnklientar, nettbrett mv tilhøyrande utstyr i tråd med kravspesifikasjon og prisliste. Rammeavtalen vil ha varigheit 1 år, fram til 01.01.2020 når Flora og Vågsøy går inn i Kinn kommune. Flora kommune vil då tiltre rammeavtale administrert av Nordfjordnett. Avtalen gjeld supplering og utskifting av utstyr. Det er ikkje venta større anskaffingar/store volum etter denne avtalen. Omfanget av anskaffinga er uklart, og det ligg ingen kjøpsplikter av volum etter denne avtalen. Ein gjer særleg merksam på at årleg levering av nettbrett til barnehagar og skular IKKJE inngår i denne avtalen, då desse leverast etter annan avtale.

    NorgeKonkurranse17. des. 2018
    21. jan. 2019(Utgått)
  9. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Anbod - Rådgjevarar til prosjektering og utarbeidelse av entreprisegrunnlag - Rehabiltering med tilbygg - Havhesten

    Flora kommune inviterer til tilbodskonkurranse på prosjektering ifm. rehabilitering og ombygging eksisterande bygg (inkludert prosjektering tekniske installasjonar) og oppføring av nytt tilbygg ved Havhesten KF. Havhesten KF er eit badeanlegg med 25 m hovudbasseng m/stupeanlegg, terapibasseng på 12,5 m m/boblebenk og plaskedam med sopp. Det er eiga sklie. I tillegg har anlegget eige treningsrom på om lag 100 kvm i kjellaren. Badeanlegget frå 1999/2000 vart bygd etter dågjeldande forskrifter og standardar. Arealet er på omlag 2700 m2. Oppdraget gjeld å utarbeide entreprisegrunnlag for rehabilitering/ombygging i eksisterande anlegg og oppføring av nytt tilbygg. To separate entreprisegrunnlag, begge som Hovudentrepriser (NS 8405).

    NorgeKonkurranse14. des. 2018
    28. jan. 2019(Utgått)
    1 600 000 kr
  10. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    BREEAM-NOR revisor til prosjektet Fugleskjærkaia – kollektivterminal og kontorbygg

    Flora hamn ber om konsulentoppdrag for BREEAM-revisor til å gjennomføre sertifisering til prosjektet Fugleskjærkaia – kollektivterminal og kontorbygg. Det er ikkje endeleg fastsett kva poeng ein ønskjer å oppnå frå dei diverse kriterier, det blir eit samarbeid mellom byggeherren og BREEAM revisor, viser til pre analyse. Det er per i dag ingen andre BREEAM-sertifiserte bygg i Sogn og Fjordane fylke. Vi kjenner heller ikkje til samanliknbare hamneprosjekt i landet med BREEAM-sertifisering.

    NorgeKonkurranse14. des. 2018
    14. jan. 2019(Utgått)
  11. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Anbod Nytt helse og omsorgssystem (EPJ) Kinn kommune

    Konkurransen gjeld avtale om levering av elektronisk pasientjournalsystem (EPJ). Dette inneberer ei komplett løysing for helse- og omsorgsektoren i Kinn kommune og skal sørgje for at den daglige drifta fungera så optimalt som mulig. Det er sterkt fokus på effektive arbeidsprosesser i kommunane, og en nytt EPJ-løysning skal understøtte nettopp dette. Systemet skal derfor ha en tett integrasjon mellom de administrative systema og ikke minst fagsystemene i kommunene, slik at dobbeltregistreringer og unødvendige arbeidsprosesser forsvinn. Anskaffinga vert gjennomført som konkurranse med prekvalifisering og forhandling etter forskrifta sin del III. Ny løysning skal idriftsettes seinast 01.01.2020. Oppdragsgjevar finn det difor naudsynt å nytte hasteprosedyre på denne anskaffinga. Dette betyr at ein gjev 15 dagar for leverandørane å søkje om kvalifisering, Oppdragsgjevar vil deretter gje minst 25 dagar til tilbodsarbeid mv før tilbodsfrist.

    NorgeKonkurranse28. nov. 2018
    17. des. 2018(Utgått)
  12. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Veterinærvakttenester i vaktdistriktet Flora, Naustdal og søre Bremanger 2018

    Ordninga med veterinærvakter skal sikre at det i kommunal/interkommunal regi vert etablert klinisk vakt for veterinærar i alle deler av landet slik at nødvendig veterinærhjelp kan skaffast utanom ordinær arbeidstid. Veterinærvakta er ein nødvendig del av beredskapen mot alvorlege smittsame dyresjukdommar og viktig for å oppretthalde god dyrevelferd. Dette innkjøpet gjeld levering av veterinærvakttenester i vaktdistriktet Flora, Naustdal og søre Bremanger. For å dekke behovet for veterinærar i vaktordninga, vil det bli inngått avtale med 2 vetrinærar i denne konkurransen. Meir informasjon om føremålet og omfang for innkjøpet og om vaktdistriktet er tatt inn i bilag nr. 1 Kravspesifikasjon. Vi søkjer 2 ny vertinærar i vaktordninga som har 4 vetrinærar.

    NorgeKonkurranse5. okt. 2018
    29. okt. 2018(Utgått)
    1 000 000 kr
  13. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Dialogkonferanse - Fugleskjærskaia - Ny kollektivterminal og nytt terminal-/kontorbygg

    Det skal etablerast eit nytt terminal-/kontorbygg som med si utforming vil verte eit landemerke i innseglinga til Florø. Det vert venterom i 1. etasje og Flora hamn KF skal ha kontorplass i bygget. Øvrig areal skal leigast ut til andre leigetakarar. Bygget er teikna 5 etasjar høgt og vil ha eit lite fotavtrykk for å frigjere mest muleg bakkeareal til gode løysingar knytt til kollektivtrafikken og anna ferdsel på området. Alt av infrastruktur i bakken som vatn, avløp, straum og eventuelt drivstofforsyning må takast samstundes og det må leggast til rette for framtidas drivstoffkjelder. Prosjektet sitt utandørsareal er på ca 8 000 kvm, og sjølve terminal-/kontorbygget er på 1 800 kvm BTA. I tillegg skal det byggast eit lager-/teknisk bygg aust for kontorbygget.

    NorgePlanlegging27. sep. 2018
    26. sep. 2018(Utgått)
  14. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Rammeavtale sykkelstativ og tilhørende tak

    Flora kommune ønskjer å fremme sykkelbruken blant barn og unge ved å etablere gode og trygge oppstillingsplassar for syklar. Vi ønskjer å inngå ei rammeavtale på sykkelstativ både med og uten tak. Det er planlagt rundt 500 sykkelparkeringsplasser fordelt på dei forskjellige skulane i løpet av årene 2018-2021. Sykkelparkeringen er planlagt både med og uten tak. Avtalen vil også gjelde for alle typer sykkelparkering i kommunen. Vågsøy kommune vil være en del av rammeavtalen både før og etter kommunesammenslåingen.

    NorgeKonkurranse20. sep. 2018
    23. okt. 2018(Utgått)
    4 000 000 kr
  15. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Asfaltering Flora 2018

    Flora kommune innbyr til åpen tilbodskunkurranse i forbindelse med asfaltering 2018 Arbeidet omfattar : • Oppretting av underlag ca 19.300m2 • Nyasfaltering ca 19.300m2 • Reasfaltering ca 9.200m2 • Fartshumper med oppmerking 27stk • Fresing for tilknytting til veger og avkjørsler, samt tilpassing mot kantstein ca 1.000m2 Arbeidet er i tillegg til sentrumsområder og lokalisert i Eikefjorden, samt øyane Fanøya og Hovden. Viser til kap 05.01 side 00-11, samt vedlagte teikningar vedr omfang i aktuelle områder.

    NorgeKonkurranse17. juli 2018
    28. aug. 2018(Utgått)
    5 200 000 kr
  16. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Totalentreprise Tilbygg og rehabilitering Brandsøy skule og barnehage

    Flora kommune innbyr til konkurranse om kontrakt «Tilbygg og rehabilitering Brandsøy skule og barnehage". Skuledelen skal tilbyggast og ombyggast til ein fullverdig todelt skule, og barnehagedelen skal ombyggast til to fullverdige avdelingar. I samråd med brukarane er det skissert eit ønskeleg romprogram for ei funksjonell løysing, og dessutan sett på mogeleg strukturløysing for tiltaket. Tilbydar kan ta utgangspunkt i det skisserte romprogrammet og denne strukturen, eller løyse behovet for oppgradering av skule/barnehage med eiga løysing av funksjonar og design som stettar krava til todelt skule og barnehage med to avdelingar. Dersom tilbydar vel å løyse utbygginga med utgangspunkt i byggherren sine skisser, skal likevel alt ansvar for prosjektering og gjennomføring ligge på totalentreprenøren. Det blir invitert til å levere tilbod på komplett oppdrag for alle arbeida. Det vert halde tilbodssynfaring 07.08.2018 kl.13.00. Frammøte på parkeringsplassen på Brandsøy skule.

    NorgeKonkurranse12. juli 2018
    15. okt. 2018(Utgått)
    26 000 000 kr
  17. Flora Kommune Under Sletting Fra 01.01.2020

    Flomlys Florø stadion - Ny utlysing - Totalentreprise

    Oppdragsgiver innbyr med dette til konkurranse om kontrakt NS 8407 Totalentreprise i prosjektet Flomlys Florø stadion. Flomlysanlegget ved Florø stadion skal oppgraderes i samsvar med UEFA Stadium Lighting Guide 2016 – Level C (Level B på trafo, kabler og master). Det skal være til rettelagt for aggregat tilkobling. Dagens anlegg er gammelt, delvis utkobla og tilfredsstiller ikkje dagens krav. For nærmere orientering om prosjektet, entrepriseoppdeling og kontraktarbeidet, se del II - Kontraktsgrunnlaget. Prosjektets oppstart er satt til 08.10.2018 med mulighet for oppstart tidligere om entreprenør er klar for det, og skal være avsluttet til 28.02.2019.

    NorgeKonkurranse5. juli 2018
    7. sep. 2018(Utgått)
    9 000 000 kr