Sekom Sekretariat Kommunalt Oppgåvefellesskap
Råmeavtale for juridiske tenester Vest kontroll og SEKOM-sekretariat
Det skal etablerast ein rammeavtale med ein leverandør for å dekke sekretariata sine behov for juridiske tenester dei neste to åra. Det er behov for kompetanse innan mange område, med hovudvekt på dei følgjande: • Offentleg rett / kommunal rett • Forvaltningsrett • Offentlege anskaffingar • Kommunal eigarskap og selskapskontroll • Selskapslovgjeving og forretningsrett • Saksbehandling Lista er ikkje uttømmande. Region- og kommunestrukturen i Noreg er for tida i endring. Slike prosessar kan føre til at det også hjå oppdragsgjevar kan skje organisatoriske endringar som kan verke inn på oppdraget.