Lærdal Sokn
Sprinkleranlegg i Borgund soknekyrkje, Lærdal kommune
Prosjektet omfattar etablering av sprinklaranlegg i eksisterande bygg, Borgund kyrkje, og med opsjon for utvendig sprinkling. Næraste bygningsmasse er Borgund stavkyrkje med tilhøyrande klokketårn. Begge desse bygningane er freda, og eigd av Fortidsminneforeningen. Bygningsmiljøet ved kyrkjegarden har stor verdi, både lokalt og nasjonalt. Planlagt sprinkling av Borgund kyrkje vil vere med å auke brannsikkerheita både for bygget i seg sjølv, og for å redusere faren for brannsmitte mot stavkyrkja og klokketårnet. Både Riksantikvaren, Fortidsminneforeningen og fylkeskommunale og kommunal kulturavdeling har store interesser i det brannsikringsarbeidet som no vert sett i gang i regi av kyrkja i Lærdal.