SOGNDAL KOMMUNE
levering av heildøgns omsorgstenester med bustad til enkeltbrukar
Sogndal kommune ber om tilbod på levering av individretta butilbod med heildøgns helse- og omsorgstenester for enkeltbrukar med psykisk liding. Tenestemottakar treng heildøgnsoppfølging for å meistra daglege gjeremål, samt rettleiing og støtte i høve eigen sjukdom. Kommunen er ansvarleg for at brukar får tilstrekkeleg og forsvarleg helsehjelp, og eit tilbod i tråd samsvar med lova. Utførande firma skal legge til rette for at oppfølging av dette ansvaret skal skje på ein tilfredsstillande måte.