Søkeresultater for Tysnes Kommune

  1. /
  2. Tysnes Kommune

Viser 26-50 av 67 resultater

  1. Tysnes Kommune

    Vedlikehald og utskifting av kommunale veglys i Tysnes kommune

    Tysnes kommune driftar 550 vegljos fordelt på kommunale og fylkeskommunale vegar. Tysnes kommune har trong for ein rammeavtale på vedlikehald og utskifting av armatur og pærer og eventuelt anna førefallande arbeid som kjem inn under drifta av vegljos. I tillegg kan Tysnes kommune ha trong for å anlegga nye vegljos i område der det ikkje er kommunale vegljos i dag.

    NorgeKonkurranse29. okt. 2021
    10. des. 2021(Utgått)
    2 800 000 kr
  2. Tysnes Kommune

    Rammeavtale på takseringstenester eigedomsskatt

    Tysnes kommune ynskjer å inngå rammeavtale om levering av takseringstenester. Oppdraget gjeld ferdiggjering av retakseringa som vart starta i 2020 og årleg taksering av nybygg/endringar i grunnlag for eigedomsskatt basert på matrikkel/byggesaker. Oppdraget gjeld gjennomføring og registrering i KomTek, synfaring og det som må utførast i samband med taksering i samsvar med lovar og reglar i Eigedomsskattelova. Innkjøpsprosedyren er ein open anbodskonkurranse med tilvising til Lov om offentlige anskaffelser (LOA) og Forskrift om offentlige anskaffelser (FOA).

    NorgeKonkurranse28. mai 2021
    28. juni 2021(Utgått)
    2 200 000 kr
  3. Tysnes Kommune

    Heilskapleg kvalitetssystem til Tysnes kommune

    Tysnes kommune har ca 300 tilsette fordelt på ulike einingar. Det har tidligare ikkje blitt nytta elektronisk systemet i arbeid med internkontroll, det er difor behov for eit nytt heilskapleg kvalitetssystem. Det er ønskjeleg at systemet skal nyttast ved organisering av planar, rutinar, aktivitetar og årshjul, samt rapportering av avvik. Fokus skal vera forbetring av arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Behovet for innkjøp av eit nytt kvalitetssystem og arbeidet kring innføring er godt forankra politisk og i administrasjon. Det er eit mål at kvalitetssystemet skal vere felles for heile kommunen og medverka til at ulike einingar kan ivareta dei krava som er gjeve gjennom lover og forskrifter.

    NorgeKonkurranse23. mars 2021
    27. apr. 2021(Utgått)
    500 000 kr
  4. Tysnes Kommune

    Intensjonskunngjering

    På grunn av retakstsering av heile kommune for eigedomsskatt i 2020, og arbeidsmengde for nøkkel personell på dei aktuell område, har Tysnes kommune til intensjon om å teikna kontrakt med Kari & Helge råd og veiledning AS om bruk av konsulent Helge Drange. Helge Drange har tidlegare vore eigedomsskattesjef og innkjøpsansvarleg i Tysnes kommune. Oppgåvene vil vera: 1. Gjennomføring av arbeidet med oppdatering/klargjering og utsending av skattesetel for eigedomsskatt for skatteåret 2020. 2. Deltaking i prosjekt for retaksering av eigedomsskatt i 2020/2021 3. Bistand/veileiing for innkjøpsavdelinga Varigheit: 01.01.2020 til 01.07.2021 Volum i perioden: Kr 400.000 – 600.000

    NorgePlanlegging14. feb. 2020
    13. feb. 2020(Utgått)
  5. Tysnes Kommune

    Tysnes skule mellomtrinn

    Anskaffinga gjeld totalentreprise for bygging av nytt mellomtrinn ved Tysnes skule. Kontraktarbeidet omfattar komplett riving av bygningsmasse, oppføring av ny bygningsmasse med tilknyting til eksisterande bygg, noko arbeider i eksisterande bygningsmasse, opparbeiding av utearealet og alle tilhøyrande arbeider som følgjer av desse tiltaka. Alle tiltak skal utførast som komplette løysingar, der alle areal er ferdige og klar til bruk ved overlevering. Oppgradering av vassforsyninga inn til området og ny overvasshandtering ut av området er inkludert i entreprisen.

    NorgeResultat14. jan. 2020
  6. Tysnes Kommune

    Anskaffing av automatisk slokkeanlegg i Vågsmarka bufellesskap

    For å imøtekomme krava til branntryggleik må det installerast automatisk slokkeanlegg i bufelleskap for psykisk utviklingshemma i Vågsmarka i Tysnes kommune. Vågsmarka bufellesskap har seks leilegheiter der fem vart bygd i 1990, og den siste vart bygd som eit tilbygg i 2000. I tillegg er det eit kontor og ein svalgang som binder leilegheiter, bodar og kontor saman.

    NorgeKonkurranse18. sep. 2019
    23. okt. 2019(Utgått)
    500 000 kr
Tysnes Kommune | Anbudssøk i Cobrief