Tysnes Kommune
Tysnes skule mellomtrinn
Anskaffinga gjeld totalentreprise for bygging av nytt mellomtrinn ved Tysnes skule. Kontraktarbeidet omfattar komplett riving av bygningsmasse, oppføring av ny bygningsmasse med tilknyting til eksisterande bygg, noko arbeider i eksisterande bygningsmasse, opparbeiding av utearealet og alle tilhøyrande arbeider som følgjer av desse tiltaka. Alle tiltak skal utførast som komplette løysingar, der alle areal er ferdige og klar til bruk ved overlevering. Oppgradering av vassforsyninga inn til området og ny overvasshandtering ut av området er inkludert i entreprisen.