Hjartdal Sokneråd
Maling av Hjartdal kyrkje
Hjartdal kyrkjelege råd, innbyr med dette entreprenørar til å gjeva tilbod på maling av utvendig kledning på Hjartdal kyrkje. Kyrkja er klassifisert som listeført kyrkje, dvs. verneverdig, men ikkje freda. Den er såleis underlagt visse restriksjonar (frå biskop og Riksantikvar) som ein må ta omsyn til. Heile kyrkja vart sist måla i 2011. Kyrkja er kledd i ståande panel, i litt ulik breidde (15 – 20 cm). Tårnet har og ståande panel.