Kinn Kommune
Rammeavtale drivstoff og bilrekvisita - INSS
Formålet med anskaffinga er gjennomføring av levering av drivstoff og fyringsolje i bulk og drivstoff frå pumpe inkludert bilrekvisita på vegne av deltakande kommunar. Oppdragsgjevar vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale for følgande varegrupper: A. Levert frå pumpe/uttak bensinstasjon/lager: Bensin, diesel, det er sterkt ønskeleg at tilbyder kan levere farga diesel, smøreolje, rekvisita (inkludert bilvask). Tilbydarar som ikkje har farga diesel, smøreoljer, spylarveske, rekvisita og bilvask skal gjøre oppmerksam på dette i tilbodet. B. Levert i Bulk: Blank diesel, Farga diesel (avgiftsfri) og fyringsoljer. Totalt stipulert omsetning pr. år ca. 4,5 mill kr., totalt ca 18 mill kr. Inkl. opsjonsår. Omsetninga har ein cirka fordeling mellom del A og del B i forholdet 70/30 %.