Kinn Kommune
Rammeavtale for kjøp av Kontormateriell, kopipapir, skulemateriell og toner mv INSS 2022
INSS består av kommunane Askvoll, Aurland, Bremanger, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Stad, Stryn, Vik og Årdal. INSS ville med denne anskaffinga inngå rammeavtale ein leverandør for kontormateriell, kopipapir, skulemateriell og toner. Føremålet med denne konkurransen er å sikre kunden etter denne avtalen god tilgang på varer som inngår i dette sortimentet, med riktig miljøprofil og til riktig pris. Ein hadde ein samla omsetning etter førre avtale på om lag NOK 4,3 mill i 2021. Omfanget av avtalen er uklart, og det påligg ikkje INSS eller kommunane som deltek nokon kjøpsplikt i volum etter denne anskaffinga. Avtale vil bli inngått etter vedlagde utkast til Rammeavtale. Varighet på avtalen er 2 år med mogeleg lenging i ytterlegare 1+1år.