Statens Vegvesen
Fv. 241 Nautgrovi - skredsikring
Nautgrovi er eit skredutsett punkt ved fv. 241 Nautgrovi i Gudvangen, Aurland kommune. Det er oppgjeve at skred går i vegen i snitt 10 gonger i året, og vegen er stengd inntil 7 dagar i året grunna skredfare. Skreda kan losne frå 1400 moh. og nedover i skredlaupet, både som flakskred og blaute laussnøskred. Statens vegvesen ynskjer å setje opp eit geofonanlegg for automatisk, digital skreddeteksjon og -varsling ved skredpunktet. Skred skal detekterast med geofonar. Varsling skal vere i sanntid og til raude stoppblinkar på kvar side av utlaupsområdet, samt til Vegtrafikksentralen (VTS) og Regobs.no. Anlegget skal driftast av entreprenøren.