Sauda Kommune
Teleskopamfi Nyesalen
Sauda Folkets Hus AS (SFH) blei etablert 8. mai 2015 som eit ideelt selskap med formål å restaurere og sikre Folkets Hus som kulturminne, bygge og eige det som kulturbygg. SFH overtok eigedommen Folkets Hus i 2015. Sauda kommune skal vere leigetakar for heile bygget og ha fullt driftsansvar for eigedommen som hovudkulturbygget i Sauda. Restaureringarbeidet for det gamle bygget er omfattande og omfattar både tak, yttervegger, tekniske anlegg, og dessutan nytt utstyr for scene-, lys-, lyd- og bilet-teknikk. Eit nytt tilbygg på 900 m2 golvflate skal innehalde fleire lydisolerte rom for øving for teater kor, korps, band og kulturskule og med ”Nyesalen” på ca. 130 m2 og 6 m takhøgd som det største romet både for øving og framføring. Til denne skal det leverast eit teleskopamfi med stolar og dette er hovudinnhaldet i denne konkurransen. Ny vestibyle med kafé og betre publikumsfasilitetar gir ein dagleg møteplass i huset .