Solund Kommune
«Konkurransegrunnlag kjøp av teneste prosjekteringsgruppe for riving og bygging av ny ungdomskule Hardbakke i Solund» (1)
Solund Kommunestyre har vedteke å byggje ny ungdomskule. Eksisterande ungdomskule er bygd i 1956 og har gått ut på dato. Kommunen ynskjer å bruke tomta til ny skule bygd saman med barneskulen. Det er planlagt ny skule for vel 50 elevar. I prosjektet skal ein og lage ein plan for uteområda rundt begge skulane. • Både uteområde som heilskap, samt nye bygningar må utformast i samsvar med krav om universell utforming (UU). • Solund Kommune har saman med Arkitektkontoret 4B AS utarbeidd ei mogelegheitsstudie som har danna grunnlaget for avgjerda til politikarene • Romprogram er laga og skal vere rettleiande • Skulen er plassert og resultatet i mogelegheitsstudie skal vere grunnlag for detaljprosjektering • Bygging av ny skule skal gjennomførast før riving av eksisterande skule • Det skal og planleggjast med eit nytt folkebibliotek etter reglar frå fylkeskommunen II.1.6)