Fitjar Kommune
Utarbeiding av kravspesifikasjon og utredningsprogram med anbodsdokument, for grunnundersøking i sjø, i delområder i Årskog
Administrasjonen legg med dette ut anbod i Doffin for å få bistand frå kompetente konsulentmiljø til å utarbeide kravspesifikasjon og utredningsprogram, med anbodsdokument, for ei grunnundersøking i sjø i Fitjar kommune. Området gjeld del av Årskog Industriområde. Administrasjonen skal deretter rette anbod om grunnundersøking ut i Doffin for konkurranse. Dette basert på kravspesifikasjon og utredningsprogram. OPPDRAG Etter at Detaljregulering for Årskog Industriområde vart stadfesta i kommunestyret 22.11.2017, er det trong for å kome vidare i detaljplanlegginga i delområda. Dette for å vere i forkant og leggje til rette for interessentar som melder seg. Dette igjen for å kunne dokumentere miljø- og grunntilhøva på sjøbotnen, i samsvar med krav i reguleringsplanen. Kostnadsestimat. Oppdraget må inneha eit kostnadsestimat for Grunnundersøking innan rammene av reguleringsplanen og kunnskapsgrunnlaget frå dette oppdraget.