Voss Herad
Vikartenester for Voss Idrettshall KF
Voss Idrettshall har behov for vikartenester innan reinhald/vaktmeister i 2 periodar, grunna avvikling av foreldrepermisjon. Periode 1 varar frå 15.05.2020 til 15.06.2020 Periode 2 varar frå 15.08.2020 til 15.02.2021 Frå 15.06.2020 til 15.08.2020 er det sommarferie for skulane og mesteparten av verksemda i Idrettshallen er stengt, difor er det ikkje behov for vikartenester i denne perioden. Oppdragsgivar si skildring av leveransen følgjer av vedlegg 1 til kontrakt.