Sogn Og Fjordane Fylkeskommune Under Sletting Fra 01.01.2020
Miljøovervåking av innsjøar
Sogn og Fjordane fylkeskommune og vassområdeutvala i Sogn og Fjordane ønskjer å kjøpe konsulenttenester med prøveta-king og analyse av planteplankton og relaterte fysiske og kjemiske parametere i innsjøar. For alle dei utvalde vassførekomstane er det mistanke om organisk belastning og eutrofiering. Tenesta omfattar klassifisering av økologisk tilstand basert på dei innsamla resultata. Føremålet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag til å vurdere økologisk tilstand, menneskeskapt påverknad og behov for tiltak. Tenesta vil bidra til problemkartlegging som er nedfelt i tiltaksprogrammet for Sogn og Fjordane vassregion etter vassforskrifta. Det er valt ut 20 innsjøar, som går fram av Vedlegg 1. Nærare opplysningar om vassførekomstane finn ein på http://vann-nett.no. Oppdragstakar tek atterhald om endringar i dette utvalet, også reduksjon eller auke i tal vassførekomstar.