Havforskningsinstituttet har til hensikt å anskaffe eit komplett, automatisert respirometrisystem for måling av oksygenforbruk hos akvatiske organismar. Systemet skal nyttast til studiar av standard-, minimums- og rutinemetabolisme hos fisk, med særleg vekt på eksperiment knytt til infeksjon og sjukdom. Gjennom slike målingar kan vi berekne den fysiologiske kostnaden ved infeksjon ved ulike miljøbetingingar.Hovedtrekkene i prosedyrenSystemet skal leverast som ein komplett pakke for automatisert respirometrianalyse i både ferskvatn og sjøvatn, inkludert kammer, sensorar, pumpar, kontroll- og analyseprogramvare. Krav til presisjon er minst ±0,5 mg/L for oksygenmåling og ±0,3 °C for temperatur. Systemet må kunne nyttast ved temperaturar opp til minst 30 °C i sjøvatn (≥ 35 ‰).Løysinga skal støtte målingar på minst fire individ eller grupper samtidig, med moglegheit for framtidig utviding. Systemet må vere tilpassa fisk i storleiksområdet 1-10 og 30–50 g og inngå i eit kommersielt tilgjengeleg produktøkosystem for respirometrianalyse. Levering må kunne skje snarast, og seinast innan medio desember 2025.Krav til systemet:Systemet må leverast slik at det utgjer eit komplett automatisert system for måling av oksygenforbruk (respirometrianalyse) hos fisk i fersk- og saltvatnSystemet må kunne leverast omgåande og seinast innan medio desemberSystemet må minimum kunne måle 0-40mg/L (±0.5) oksygen i vatn, og temperatur i vatn minimum 0-35 °C (±0.3)Systemet må være korrosjonsbestandig i forhold til bruk med temperaturar opp til minimum 30 °C og samtidig bruk av full styrke sjøvatn (≥35 ‰ salt)Systemet skal kunne integrerast i, eller ha innebygd, med temperaturregulerte vannbadSystemet skal leverast klart for integrering i eksisterande fiskelaboratorie/-infrastrukturSystemet må leverast med software for styring av respirometriprotokollarSystemet må leverast med software for analyse av respirometridata frå systemetSystemet skal være tilpassa å køyre individ av fisk i storleiksorden 1-10 g og 30-50 g, og grupper av fisk i storleiksorden 1-10 gSystemet skal kunne samle inn data frå minimum fire individer/grupper på same tidSystemet skal være fleksibelt med tanke på å utvide antall individer/grupper som kan testast samstundes. Produsent skal ha ferdige løysingar for slik utviding.Systemet skal være fleksibelt med tanke på å endre individstorleik, og respirometrikammer av mange ulike storleikar skal være tilgjengeleg frå leverandør