Nord-Fron kommune skal inngå totalentreprise for prosjektering og installasjon av brannsløkkeanlegg i kyrkjene Kvam, Sødorp, Kvikne og Skåbu. Alle kyrkjene er verneverdige eller har høg kulturhistorisk verdi, og entreprenøren må ha særleg kompetanse på arbeid i antikvariske bygg. Oppdraget vert tildelt på kvalitet og erfaring – ikkje på pris. Det gjennomførast informasjonmøte om kontrakta i Nord-Fron kommunehus den 01.06.2026 klokka 10:00. påmelding til pal.ellingsbo@nord-fron.kommune.noHovedtrekkene i prosedyrenNord-Fron kommune skal gjennomføre ei anskaffing for å kontrahere ein totalentreprenør etter NS 8407 til prosjektering og installasjon av komplette brannsløkkeanlegg i fire kyrkjebygg: Kvam kyrkje, Sødorp kyrkje, Kvikne kyrkje og Skåbu kyrkje. Prosjektet omfattar detaljprosjektering, levering, montering, testing, dokumentasjon og idriftsetjing av anlegga, og skal gjennomførast i perioden 2026–2029. Kyrkjene er tømra eller trebygde, og fleire av dei er verneverdige og har omfattande antikvariske og kulturhistoriske verdiar. Arbeidet vil derfor krevje entreprenørar med dokumentert erfaring frå liknande prosjekt, særleg arbeid i kyrkjebygg, freda konstruksjonar og verna interiør. Det vert lagt stor vekt på kompetanse, metodisk tilnærming og forståing av korleis slike bygg skal handterast for å unngå skade på konstruksjon, utsmykking og inventar.
Gjennomføringa inneber også løpande samarbeid med Riksantikvaren og andre kulturminnemyndigheiter, samt krav om nøyaktig dokumentasjon før, under og etter installasjonane. Det er òg avgjerande med gode kommunikasjons- og rapporteringsrutinar i prosjektet, og rollene som stadleg prosjektleiar og byggeleiar må meistre norsk både munnleg og skriftleg.
Anskaffinga vert tildelt etter kvalitative kriterium, og pris vil ikkje inngå i evalueringa. Utval av entreprenør skal basere seg på fagleg kvalitet, gjennomføringsevne og referansar frå relevante prosjekt. Målet er å sikre trygg brannsikring av kyrkjene utan å redusere deira verdi som kulturminne.