Vindafjord kommune trenger digitalisering av sitt gards- og bruksnummerarkiv med innsynsløsning og avlevering til interkommunalt arkiv i Rogaland, med en maksimal totalverdi på 1,5 millioner kroner over 12 måneder. Formålet er å sikre bedre tilgjengelighet, effektiv saksbehandling og trygg langtidslagring av dokumenter, som skal leveres i Rogaland. Tildelingskriteriene er pris (60%) og oppdragsforståelse (40%). Leverandøren må dokumentere erfaring fra inntil tre relevante oppdrag de siste fem årene.
Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!
Vindafjord kommune skal digitalisere sitt gards- og bruksnummerarkiv (heretter kalla arkivet). Formålet er å sikre betre tilgjenge, effektiv saksbehandling og trygg langtidslagring. Digitaliseringa skal gi betre tilgjenge og gjenfinning av dokument. Papirarkivet vil framleis vere arkivet sitt autentiske bevaringsformat for perioden, og vil bli avlevert til depot hos Interkommunalt arkiv i Rogaland (IKA Rogaland).
Det er mogleg å koma på synfaring ved behov og på førespurnad.
Kontaktperson: Caroline Østenstad, 53656126, e-post: caroline.ostenstad@vindafjord.kommune.no
Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten der leverandøren er etablert.
Leverandøren skal ha god økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Vindafjord kommune kan hente inn ytterligere opplysningar for å kontrollere økonomisk kapasitet. Informasjon om økonomi kan bli henta frå Proff.no
Leverandøren skal ha erfaring frå samanliknbare oppdrag.
Tildelingskriterier
Beskrivelse
Totalpris for oppdraget
Beskrivelse
Oppdragsforståing
Beskrivelse
Oppdragsgivar har vurdert om miljø bør inngå som tildelingskriterium i denne anskaffinga, jf. FOA § 18‑1a. Leveransen består i hovudsak av digitalisering av analoge arkiv, der sjølve tenesta blir utført digitalt hos leverandøren. Miljøpåverknaden knytt til oppdraget blir derfor vurdert som svært låg og i liten grad påverka av konkurransen mellom leverandørane. Den einaste delen av leveransen som kan ha ei viss miljøeffekt, er transport av arkivmateriale til og frå leverandør. Dette utgjer likevel ein minimal og standardisert del av oppdraget, der variasjonen i miljøprestasjon mellom leverandørane er liten. Transporten blir normalt gjennomført éin eller eit fåtal gonger, og gir derfor ikkje eit eigna grunnlag for å vekte miljø som tildelingskriterium. Oppdragsgivar vurderer på denne bakgrunnen at miljø ikkje er eigna som tildelingskriterium for denne anskaffinga. Det blir derfor ikkje nytta miljø som tildelingskriterium i denne konkurransen, jf. FOA § 18‑1a tredje ledd.