Anbudsoversikt for EØS001-2021 Reinhaldstenester til Bjørnafjorden kommune
Utgått
Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.
Brief
Renholdstjenester, drift og vedlikehold
Anskaffinga gjeld reinhaldstenester med tilhøyrande reinhaldsprodukt. Med unntak av nokre omsorgsinstitusjonar og mindre bygg omfattar denne førespurnaden totalreinhaldet i dei fleste kommunale bygga. Bjørnafjorden kommune skal ha rett til å utvide avtalen til også å omfatte delar av, eller heile, det areal som i første omgang er unnateke eller areal som kjem til ved nybygg og innkjøp undervegs i avtaleperioden.
Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!
Prøv Cobrief ProOm anbudet
Kvalifikasjonskrav
Tildelingskriterier
Se hele utlysningen
- Oppdragsgiver
- Tittel
- EØS001-2021 Reinhaldstenester til Bjørnafjorden kommune
- Kategori (CPV)
- Tilleggskategorier (CPV)
- Estimert verdi
- 44 000 000,00 kr
- Kvalifikasjonskrav 1
- Kvalifikasjonskrav 2
- Kvalifikasjonskrav 3
Krav: Leverandøren skal vere godkjent reinhaldsbedrift i reinhaldsregisteret til Arbeidstilsynet. Dokumentasjonskrav: Kopi av godkjenning utferda av Arbeidstilsynet. Krav : Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. Dokumentasjonskrav: Norske selskaper: Firmaattest Utanlandske selskap: Godtgjersle på at selskapet er registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert.
Krav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne oppfylle kontrakten Kredittvurdering som konkluderer med Kredittverdig vil vere tilstrekkeleg for oppfylling. Dokumentasjonskrav: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Ratinga skal vere utført av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive slik verksemd. Dersom leverandøren har sakleg grunn til ikkje å leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgivar har kravd, kan han dokumentere sin økonomiske og finansielle kapasitet ved å leggje fram eitkvart anna dokument som oppdragsgivar ser som eigna.
Krav : Leverandøren skal ha erfaring frå reinhaldsoppdrag som er mogeleg å samanlikne med. Med tilsvarande oppdrag meinast levering av reinhaldstenester i henhold til NS-INSTA 800 i bygg av tilsvarande omfang. Minimum varigheit på oppdraga: 1 år Dokumentasjonskrav: Referanseliste over reinhaldsoppdrag dei siste 3-5 år som er mogelege å samanlikne med, inkludert omfang av oppdraga (tal på månadsverk), verdi, tidspunkt, og oppdragsgivar. Det skal vidare kome fram ei oversikt over kontaktperson for den enkelte leveranse, samt kontaktpersonen sitt telefonnummer og e-postadresse for ev. referanseinnhenting. Krav: Leverandøren må ha god kapasitet tilpassa omfanget på oppdraget. Dokumentasjonskrav: Skildring av tilgjengeleg teknisk støtteapparat, maskiner eller teknisk utstyr som skal bidra til gjennomføring av kontrakten. Krav: Det krevjast eit godt og velfungerande kvalitetssikringssystem for ytingane som skal leverast. Dokumentasjonskrav: Framstilling som gjeld kvalitetssikringssystemet til firmaet. Om tilbydaren er sertifisert av eit offentleg sertifiseringsorgan, er det tilstrekkeleg at kopi av utferda sertifikat leggjast ved. Om tilbydaren ikkje er sertifisert, må kvalitetssystemet dokumenterast, t.d. ved å leggje ved ei kvalitetshandbok som gir ei skildring av systemet for kvalitetsstyring og korleis det er iverksett i organisasjonen. Krav: Leverandøren skal kunne sikre miljøomsyn ved gjennomføring av tenesta. Dokumentasjonskrav: Leverandøren kan dokumentere kravet ved framlegging av relevante miljøsertifikat, slik som EMAS eller ISO 14001 eller tilsvarande, eller ved ei skildring av eige system og rutinar for miljøpolitikk, miljøstyringsordning, opplæring av tilsette innan miljøvenleg reinhald etc.