Anbudsoversikt for EØS002-2021 Service, kontroll og vedlikehald av luftbehandlingsanlegg - rammeavtale

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Bjørnafjorden Kommune ved Eigedom drift skal inngå rammeavtale med ein leverandør for laupande oppdrag innan kontroll, service og vedlikehald av luftbehandlingsanlegg i oppdragsgivar sine eksisterande eigedommar og eigedommar som kjem til i avtaleperioden. Kjøp av filter vil inngå i avtalen. Oppdragsgivar si skildring av leveransen følgjer av Bilag 1 - Oppdragsgivar sin kravspesifikasjon.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Tittel
EØS002-2021 Service, kontroll og vedlikehald av luftbehandlingsanlegg - rammeavtale
Estimert verdi
8 000 000,00 kr
Kvalifikasjonskrav 1

KRAV: Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. DOKUMENTASJONSKRAV: • Norske selskap: Firmaattest • Utanlandske selskap: Godtgjersle på at selskapet er registrert i føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert.
Kvalifikasjonskrav 2

KRAV: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Krav vil bli vurdert i høve til verdien og omfanget av, og risikoen knytt til, avtalen. DOKUMENTASJONSKRAV: • Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Ratinga skal vere utført av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive slik verksemd. Dersom leverandøren har sakleg grunn til ikkje å leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgivar har kravd, kan han dokumentere sin økonomiske og finansielle kapasitet ved å leggje fram eitkvart anna dokument som oppdragsgivar ser som eigna.
Kvalifikasjonskrav 3

KRAV: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg erfaring frå tilsvarande oppdrag, knytt til utføringa av slike tenester og arbeid. Som tilsvarande oppdrag reknast levering av den yting konkurransen omfattar til offentlege/private verksemder DOKUMENTASJONSKRAV: Tilbydaren skal vedlegge ei liste over dei viktigaste leveransane eller utførte tenester dei siste 3 år, under dette opplysningar om verdi, tidspunkt og mottakar. Attestar utstedt eller stadfesta av oppdragsgivar kan leggjast ved. Sjå Vedlegg 4 Referanseskjema. KRAV: Leverandøren må ha dei naudsynte kvalifikasjonar som tilsvarar det som krevjast for sentral godkjenning i tiltaksklasse 2 i funksjonsområdet: «utførende» innanfor fagområdet «Ventilasjon- og klimainstallasjoner». DOKUMENTASJONSKRAV: Dokumentasjonen skal givast på ein av følgjande måtar: • Dokumentasjon på sentral godkjenning i tiltaksklasse 2 for aktuelt fagområde. • Alternativ dokumentasjon som synleggjer at føretak innehar naudsynte og relevante faglege kvalifikasjonar for å gjennomføre tiltak som «utførende» tilsvarende tiltaksklasse 2 innan fagområdet «ventilasjon- og klimainstallasjoner». KRAV: Leverandøren må vise god evne til å gjennomføre oppdraget. DOKUMENTASJONSKRAV: • Kompetanseoversikt Det skal givast ei oversikt over føretaket sine tilsette der det kjem fram fagområde og kompetansenivå (utdanning/mesterbrev/fagbrev/lærling/ufaglært el), samt oversikt over antall som utfører oppdrag innanfor service- og ventilasjonsarbeider. • Oversikt over nøkkelpersonell for kontrakten: o Avtaleansvarleg hjå leverandøren o Serviceleiar hjå leverandøren o Utførande servicepersonar

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner