Bremanger kommune skal rehabilitere fasader på store delar av Kalvåg oppvekst.
Eksisterande vindauge og liggande bordkledning inkl. lekter og vindsperre, skal demonterast, sorterast og leverast til godkjent mottak.
Nye vindauge, nye fasadeplater og ståande bordkledning, skal monterast i tråd med leverandøren sine monteringsspesifikasjonar og elles skal gjeldande Byggdetaljar i Byggforskserien frå SINTEF for prosjektering og utføring følgast.
• Vindauge som skal monterast utgjer samla totalt 63 stk. med ulik
storleik og utforming. 34 stk. av dei er på bakkeplan/1.etg., mens 29 stk. gjeld 2.etg. i klasserom, grupperom, m.m.
• Veggar som skal ha fasadeplater utgjer om lag 300m2 brutto, ikkje
medrekna areal/mengde for kapp/svinn for tilpassing av plater.
• Veggar som skal ha ståande kledning utgjer om lag 280m2 brutto, ikkje
medrekna areal/mengde for kapp/svinn.
• Det skal byggast eit uisolert tak mellom frittståande adm.bygg (kalt
«Brakka») og skulebygget. Samla areal for takkonstruksjonen utgjer om lag 17m2.
Estimert kostnad er kr 3.100.000 eks. mva.
Arbeidet skal utførast vår/sommar 2026.