Os vidaregåande skule har leasa 4 lastebilar til bruk i yrkessjåføropplæring. I samband med at leasingavtalen utløper har skulen fått eit fordelaktig tilbod på å kjøpe ut desse bilane. Lastebilane tilfredsstiller krava til lærevogn med dei spesifikasjonene som ligger i dette, samt tilfredsstiller behovet for ekstra seter slik at ein heil gruppe kan delta i køyreopplæringa.