Beskrivelse
Oppdragsgivar har valt å ikkje vekta klima- og miljøomsyn i tildelingskriteria, jf. forskrift om offentlege anskaffingar § 7-9 (2). I staden har oppdragsgivar valt å stilla klima- og miljøkrav i kravspesifikasjonen, jf. § 7-9 (4): «Tildelingskriterium etter andre og tredje ledd kan bytast ut med klima- og miljøkrav i kravspesifikasjonen, dersom det er klart at dette gir ein betre klima- og miljøeffekt, og dette er grunngitt i anskaffingsdokumenta». Nedanfor følgjer grunngivinga vår. Klimagassutslepp frå produksjon av materialar og klimagassutslepp frå energibruk i drift er dei mest vesentlege påverknadene byggjeprosjekt har på klima og miljø, basert på erfaringar frå livsløpsberekningar (LCA) for nybygg. For å redusera påverknaden frå energi er det stilt krav om passivhusnivå etter passivhusstandarden. Dette er i hovudsak passive tiltak i bygningskroppen som gjer bygget svært energieffektivt, og som er eit anerkjent nivå i bransjen. I tillegg er det stilt krav om å redusera minst 15 % av klimagassutsleppa knytte til materialar, samanlikna med referanseverdiar frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Dersom desse krava hadde vore utforma som tildelingskriterium, er det lite sannsynleg at ein ville ha oppnådd eit energibehov på nivå med passivhus og ein klimagassreduksjon på 15 %. Dette kjem av at passivhus i seg sjølv er eit kostbart tiltak, og at det òg er knytt merkostnader til meir klimavennlege materialar, som til dømes lågkarbonbetong eller klimagips. Det kan dermed oppstå ein situasjon der vinnartilbodet ikkje oppnår måla, eller der ingen tilbydarar oppnår dei. Når prosjektet i staden vel å stilla desse to måla som krav, er vi sikre på at alle tilbod vil oppnå måla. Dersom dei vert stilte som tildelingskriterium, er det ikkje sikkert at måla vert nådde. Det er dermed klart at det gir ein betre klima- og miljøeffekt å stilla måla som krav framfor å konkurrera på dei. Ifølgje anskaffingsforskrifta § 7-9 (1) er formålet med føresegna «å redusera anskaffinga sitt samla klimaavtrykk eller miljøbelastning». Unntaksføresegna i § 7-9 (4) må difor tolkast i lys av dette. Eit tverrfagleg team med byggfagleg, innkjøpsfagleg, kontraktsrettsleg samt klima- og miljøfagleg kompetanse har gjort denne vurderinga. Konklusjonen er at denne framgangsmåten vil gi best moglege klima- og miljøgevinstar, jf. anskaffingsforskrifta § 7-9 (1), og at vilkåra i § 7-9 (4) dermed er oppfylte. Oppdragsgivar treng difor ikkje ha miljø som tildelingskriterium i denne konkurransen.