Miljøovervåking og naturvitenskapelige tjenester
Oppdragsgjevar har det formelle ansvaret for at det vert tilbode klinisk veterinærvakt. Ansvaret omfattar alle dyr, men ordninga er i hovudsak og historisk grunna i landbruket/husdyrhald. Ordninga med veterinærvakt er etablert i samsvar med lov av 15. juni 2001 nr. 75 om veterinær og annet dyrehelsepersonell § 3 a. Ordninga med veterinærvakter skal sikra at det i kommunal/interkommunal regi vert etablert klinisk vakt for veterinærar i alle delar av landet slik at nødvendig veterinærhjelp kan skaffast utanom ordinær arbeidstid. Veterinærvakta er ein nødvendig del av beredskapen mot alvorleg smittsame dyresjukdommar og viktig for å oppretthalde god dyrevelferd. Denne anskaffinga gjeld levering av veterinærvakttenester i Austre Ryfylke vaktområde. Vaktområdet omfattar kommunane Hjelmeland, Strand og tidlegare Forsand. For å dekkje opp behovet for veterinærar i vaktordninga vil det bli inngått 4 avtalar i konkurransen. Nærare beskriving av antal avtalar som inngåast og krav til samarbeid mellom veterinærane er omtala i pkt. 5 nedanfor. Dersom det ikkje kjem inn tilbod frå minimum 4 kvalifiserte tilbydarar, vil oppdragsgjevar gjennomføra ei suppleringskonkurranse i kontraktsperioden.