Beskrivelse
Miljø- og klimakrav er brukt som minstekrav i kravspesifikasjonen i staden for i evalueringa. Det er klart at dette gir betre klima- og miljøeffekt, jf. FOA § 7-9 (4).
Hovudtiltaka vil vere arbeid knytt til etablering av nytt tett toppdekke over deponiet og etablering av OVA-anlegg. For opparbeiding og etablering av nytt tett toppdekke vil arbeida inkludere avtak og mellomlagring av vekstjordlag frå eksisterande toppdekke, terreng-arrondering, utsortering av jord, samt plan for bruk av tilgjengelege jordmassar i området til nytt toppdekke. Ut frå oppsette poster for prising av anbodet, vil det for leverandør vere mest økonomisk lønnsamt å optimalisere arbeida med omsyn til tid og omfang til grave- og anleggsarbeid, herunder avtak, sideflytting, mellomlagring og utlegging, samt mest mogleg bruk av lokale masser. Det vil altså vere mest økonomisk gunstig for leverandør å gjennomføre tiltaka som gir minst mogleg klima- og miljøeffekt.
Det er ikkje valt å nytte grad av utsleppsfrie køyretøy og anleggsmaskiner på byggeplassen som tildelingskriterium. Dette skyldast dels at det er for liten straumkapasitet i nærområdet på Kaupanger for lading av maskiner som kan gå på el/batteri, og dels at vi heller ikkje kjenner til aktuelle entreprenørar som har tilgang på utsleppsfrie anleggsmaskiner.