Anbudsoversikt for Lastebil til kommunalteknisk arbeid, 2020

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Avløpshåndtering

Ørsta kommune ved avdeling for kommunalteknikk skal kjøpe ny brøyte- og tippbil. Lastebilen skal nyttast i samband med brøyting og anna kommunalteknisk arbeid.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Oppdragsgiver
Tittel
Lastebil til kommunalteknisk arbeid, 2020
Tilleggskategorier (CPV)
Estimert verdi
2 200 000,00 kr
Varighet
12 måneder
Kvalifikasjonskrav 1

Krav: Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. Leverandør må ha ordna forhold med omsyn til betaling av skatt, arbeidsgjevar-avgift og meirverdiavgift i tråd med lovbestemmingar. Dokumentasjonskrav: Norske selskap: Firmaattest Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. Skatteattest skal vedleggast tilbodet. Attesten skal ikkje vere eldre enn 6 månadar rekna frå tilbodsfristen sitt utløp. Eventuelle restansar eller andre misleghald må grunngjevast. Leverandør som ikkje er etablert i Noreg kan levere tilsvarande dokumentasjon utstedt av myndigheitene i landet leverandøren er etablert.
Kvalifikasjonskrav 2

Krav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Kredittverdigheita som leggjast til grunn for å verte kvalifisert for denne konkurransen er A (kredittverdig) eller tilsvarande. Dokumentasjonskrav: Kredittvurdering frå eigna kredittvurderingsselskap med kredittverdigheit minimum A eller tilsvarande. Kredittvurderinga skal vere frå siste årsrekneskap som er godkjent. Dersom leverandøren har sakleg grunn til å ikkje leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar krev, kan han dokumentere sin økonomiske og finansielle kapasitet ved å leggje fram anna dokument som oppdragsgjevar anser som eigna.
Kvalifikasjonskrav 3

Krav: Leverandøren skal ha erfaring med minimum 1 tilsvarande leveranse innanfor dei siste tre (3) år. Dokumentasjonskrav: Dette skal dokumenterast gjennom referanseliste over dei mest relevante oppdrag, maksimum 3 oppdrag, innanfor denne typen leveransar dei tre (3) siste åra. Skildring av leverandøren sine inntil 3 mest relevante oppdrag i løpet av de siste 3 åra. Det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Skildring må inkludere angjeving av oppdraget sin verdi, tidspunkt for leveranse, kundenamn og kontaktperson hos oppdragsgjevar (namn, telefon og e-post.) Leverandør må pårekne at kommunen vil kunne ta kontakt med referansar.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner