Cobrief Logo

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Bygg og anlegg - Oppføring, renovering og vedlikehold av bygninger

Bjørnafjorden Kommune planlegger anskaffelsen av 50-70 omsorgsboliger i Osøyro og 10-20 i Eikelandsosen, som skal ha fellesarealer med dag- og aktivitetssenter og personalbase, og kommunen vil leie disse i minst 30 år for fremleie til brukere. Kommunen ønsker å komme i kontakt med aktører som er interessert i å gjennomføre prosjektet, og interesserte aktører kan melde sin interesse til Torgeir Sæter via e-post.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Bjørnafjorden får fleire eldre og andre brukargrupper med behov for omsorgstenester. Dette er dokumentert i behovsanalyse og ulike plandokument. Desse utfordringane kan ikkje løysast med noverande bustad- og tenestestruktur. Fleire i målgruppene må få tilbod om gode og økonomiske realiserbare bustader i senterområda, der dei kan få heildøgns omsorgstenester og aktivitetstilbod. Med dette som bakgrunn, er målet i fyrste omgang å etablera ca. 50-70 omsorgsbustader i Osøyro og ca. 10-20 i Eikelandsosen fram mot ca. 2030. Dette er bustader for personar med vedtak om rett til heildøgns omsorg frå helse- og omsorgstenestene i kommunen. Bustadane skal ha fellesareal med dag- og aktivitetssenter og personalbase, jf. retningslinene i Husbanken og Skatteetaten. Bustadene må oppfylle vilkåra frå Husbanken og Skatteetaten for denne typen bustader, og tilfredsstille kriteria for investeringstilskot og meirverdiavgiftskompensasjon. Fram mot 2040 er det planlagt ytterlegare utbygging av omsorgsbustader i senterområda. Kommunen ønskjer difor også dialog med andre interessentar som har planar for utbygging på noko lengre sikt. Omsorgsbustader kan og inngå som ein del av større bustadprosjekt. Bustadene skal ligge i sentrumsområde med gangavstand til butikkar og andre servicetilbod. Senter definerast her for Osøyro innafor områdeplan Osøyro, medan det for Eikelandsosen er innafor arealet mellom Fusavegen og Holmefjordvegen, ned mot fjorden. Det er aktuelt at kommunen vil selje tomter i områdane som kan nyttast til omsorgsbustader. Kommunen skal ikkje byggje, eige eller drifte omsorgsbustadene, men inngå avtale med aktørar som står for dette der kommunen er forplikta til å leige dei i minst 30 år for framleige til brukarar. Kommunen vil stå for helse- og omsorgstenestene i bustadene. Føremålet med marknadsdialogen er å komma i kontakt med aktørar som er interessert i å gjennomføre prosjektet i Osøyro og/eller Eikelandsosen, og sikra gode og langsiktige løysingar for framtidige bebuarar. Kommunen ønsker å komma raskt i gong med arbeidet, og ber difor interesserte aktørar om å ta kontakt, helst innan 30.11.2025 for å sikra nødvendig framdrift i prosessen. Kommunen vil fortløpande gå i dialog med aktørar som melder si interesse. Interesserte aktørar kan melde si interesse til kommunen sin kontaktperson for prosjektet: Torgeir Sæter E-post: torsat@bjornafjorden.kommune.no Administrasjonen ser for seg å presentere saka for kommunestyre i mars 2026.

    Kontakt navn
    Sissel Hermansen Riise
    Kontakt telefon
    +47 56 57 50 00
    Adresse
    Rådhuset Torggata 7, 5200 OS

Kvalifikasjonskrav

Se konkurransedokumentene for kvalifikasjonskrav

Tildelingskriterier

Se konkurransedokumentene for tildelingskriterier

Se hele utlysningen

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner