Cobrief Logo
Brief

Bygg og anlegg - Oppføring, renovering og vedlikehold av bygninger

Alver Kommune planlegger anskaffelsen av rundt 100 nye omsorgsbustader, fordelt med ca. 60 i Knarvik og ca. 40 i Frekhaug, inkludert dag- og aktivitetssenter og personalbase, som kommunen ønsker å leie i minst 30 år for framleige til brukarar. Leverandører inviteres til å ta kontakt med Torgeir Sæter via telefon eller e-post for å gi innspill til prosjektet.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Alver får fleire eldre og andre brukargrupper med behov for omsorgstenester. Dette er dokumentert i behovsanalyse og ulike plandokument. Desse utfordringane kan ikkje løysast med noverande bustad- og tenestestruktur. Fleire i målgruppene må få tilbod om gode og økonomiske realiserbare bustader i senterområda, der dei kan få heildøgns omsorgstenester og aktivitetstilbod. Med dette som bakgrunn, er målet å etablera ca. 60 nye omsorgsbustader i Knarvik og ca. 40 i Frekhaug fram mot ca. 2030, inkludert dag- og aktivitetssenter og personalbase. Kommunen ønsker ikkje å byggje, eige eller drifte omsorgsbustadene, men leige dei i minst 30 år for framleige til brukarar. Kommunen vil fatte vedtak om tildeling av bustad og vil yte heildøgns omsorgstenester til bebuarane. Det er ønskeleg at bustadane ligg i sentrumsområde med gangavstand til butikkar og andre servicetilbod. Senter definerast her for Knarvik etter områdeplan Knarvik senter, medan det for Frekhaug vil være innan ei avstand på 500 meter frå Frekhaug torg. Bustadene må oppfylle vilkåra frå Husbanken og Skatteetaten for denne typen bustader, og tilfredsstille kriteria for investeringstilskot og meirverdiavgiftskompensasjon. Føremålet med marknadsdialogen er å komma i kontakt med aktørar som kan gjennomføre prosjektet i Knarvik og/eller Frekhaug, og sikra gode og langsiktige løysingar for framtidige bebuarar. Kommunen ønsker å komma raskt i gong med arbeidet, og ber difor interesserte aktørar om å ta kontakt snarast, og helst innan 30.11.2025 for å sikra nødvendig framdrift i prosessen. Administrasjonen ser for seg å presentere saka for kommunestyre i mars 2026. Kontaktperson for prosjektet er Torgeir Sæter, tlf. 91 60 45 77, e-postadresse torgeir.seter@alver.kommune.no

    Kontakt navn
    Henriette Dale Bråthen
    Kontakt telefon
    +47 56375000
    Adresse
    Kvernhusmyrane 41, 5914 ISDALSTØ

Se hele utlysningen

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner