Utleie og leasing av prefabrikkerte bygninger
Anskaffinga gjeld eit frittliggjande, komplett og permanent modulbygg som skal settast opp som venterom ved busstasjonen i Volda kommune, på den så kalla Moritzmarka. Bygget skal leverast monteringsklart med VA-anlegg, EL- anlegg og fibertilgang. Modulbygget skal bestå av eit venterom, eit urinalrom, eit servicerom og ein WC/HC. Bygget skal leverast i samsvar med arkitektteikning som viser utvendig utsjånad, samt planteikning som viser innvendig romprogram. Sjå vedlegg 4 og 5 til konkurransegrunnlaget. Anskaffinga gjeld berre modulbygget og levering. Fundament, montering av bygget, tilkopling til straum, vatn og data/internett og liknande er ikkje inkludert. Dette vil Volda kommune stå for sjølve. For ei nærare beskriving visast det til konkurransegrunnlagets vedlegg med skisser, kravspesifikasjon og prisskjema.