Cobrief Logo

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Kvam Herad trenger leveranse av en komplett ny avløpspumpestasjon for å erstatte den gamle stasjonen fra 70-tallet. Det skal leveres en pumpestasjon med tørroppstilte pumper, teknisk utstyr og tilhørende dokumentasjon som monteringsanvisning og beregninger for fundamentet. Et viktig formelt krav er at leverandøren må kunne fremlegge attester fra uavhengige organer som bevis på oppfyllelse av kvalitetssikringsstandarder, inkludert universell utforming.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Kvam herad skal etablera ny avløpspumpestasjon på Tolo i Norheimsund. Denne skal erstatta den gamle stasjonen frå slutten av 70 talet. Stasjonen er ein av hovudpumpestasjonane som pumper avløpsvatn frå Kvamskogen og Norheimsund vidare til reinseanlegget i Øystese. Nedsetting og montering av pumpestasjon vil verta utførd av Kvam herad sin entreprenør for leidningsarbeid i forbindelse med VA anlegget og er såleis ikkje ein del av tilbodet. Kvam herad innbyr interesserte føretak til å gje tilbod levering av ny avløpspumpestasjon PA3005 Tolo på 5600 Norheimsund. Gjennomføring etter beskrivelse utarbeida av Kvam herad (dokument 02 til 08). Prosjektet vert gjennomførd som totalentreprise. Det vil ikkje vera mogleg å gje tilbod på berre deler av oppdraget.Hovedtrekkene i prosedyrenOm prosjektet:Kvam herad skal etablera ny avløpspumpestasjon på Tolo i Norheimsund. Denne skal erstatta den gamle stasjonen frå slutten av 70 talet. Stasjonen er ein av hovudpumpestasjonane som pumper avløpsvatn frå Kvamskogen og Norheimsund vidare til reinseanlegget i Øystese. Stasjonen får ei antatt høgde på ca. 7,5m og vert plassert i utsprengt byggegrop med plassering nær gang og sykkelveg. Mål og dimensjonar på stasjon og overbygg er bestemt. Leverandør må dimensjonere pumper og størrelse på pumpesump ut frå vedlagte teikningar og spesifikasjonar. Denne spesifikasjon er gjeldande for prosjektet og gjelder foran dokument 03 Krav til funksjon og utførelse avløpspumpestasjonar i Kvam herad. Begge dokument må sjåast i samanheng. Dokument 03 inneheld generelle ting som gjeld for alle stasjonar. Om pumpestasjonen:Pumpestasjonen skal vera av type med tørroppstilte pumper, der pumpene er plassert i eit eige maskinrom der ein og finn alt av ventilar, mengdemålar o.a teknisk utstyr. Maskinrommet skal ha sikker tilkomst frå innvendig i pumpestasjonen. Pumpesumpen skal vera plassert i lag med maskinrom (som ein einheit)  jfr. vedlagt skisse og skal ha innvendig låsbar, gasstett luke LxB= 400x300mm i glass for dagleg tilsyn/ kontroll av sump. Pumpesump skal ha utvendig tilkomst for slamsuging og spyling. Utvendig stengekran på innløp skal monterast på utløp av innløpskum før stasjon (dette er ikkje ein del av leveransen). Pumpeleverandør må syta for nødvendig melding og søknad til det lokale Elektrisitetsverket. Omfang:Nedsetting og montering av pumpestasjon vil verta utførd av Kvam herad sin entreprenør for leidningsarbeid i forbindelse med VA anlegget og er såleis ikkje ein del av tilbodet. Pumpeleverandør skal ha eigne folk tilstades ved montering av stasjon i byggegrop, for kontroll og ev. samankobling av stasjonsdeler. Tilbyder må før leveranse utarbeide monteringsanvisning og utføre berekningar av fundament  i forhold til forankring/oppdrift av stasjonen. Ved berekningar for oppdrift av stasjonen skal det nyttast grunnvasshøgde tilsvarande stasjonshøgde -1m (skal oppgjevast i ant. m3 betong). Det skal leverast teikningar som visar korleis stasjonen skal forankrast. Bolter, armering etc. Tilbodet skal innehalde alt nødvendig utstyr og anna som beskrevet for ein komplett leveranse. Ting som ein ikkje finn poster for, skal prisast i pkt.1.07 i prisskjema.

    Kontakt navn
    Erling Eid
    Kontakt telefon
    90699317
    Kontakt e-post
    erei@kvam.kommune.no
    Adresse
    Grovagjelet 16, 5600 NORHEIMSUND

Kvalifikasjonskrav

    Leverandør må fremlegge attester utstedt av uavhengige organer som dokumentasjon for at leverandøren oppfyller de angitte kvalitetssikringsstandardene, inkludert krav til universell utforming.

    Leverandør er registrert i et foretaksregister eller et handelsregister i medlemsstaten som leverandøren er etablert i. Som beskrevet i bilag XI til direktiv 2014/24/EU; leverandører fra visse medlemsstater kan være nødt til å oppfylle andre krav i nevnte bilag.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner