Anbudsoversikt for Prekvalifisering plan- og designkonkurranse. Ny kommunal barnehage Fitjar kommune.

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Arkitekttjenester

Fitjar kommunestyre har vedteke å byggja ny kommunal barnehage med plass til inntil 61 barn, på ei tomt i byggefeltet Rossneset. Dette gjev inntil 20 arbeidsplassar. Barnehagen skal ha 3 - 4 avdelingar med plass til inntil 30 små barn og 31 store barn. Talet på små og store barn vil variera frå år til år ut frå størrelse på årskull og tal søkjarar. Med bakgrunn i dette må romløysingane vera fleksible med tanke på auke/reduksjon av antall barn i kvar avdeling. Dette vil bli spesifisert tydelegare saman med rom- og arealprogram etc. for dei tre kandidatane som vert prekvalifiserte.   Prekvalifisering - fase 1  Fitjar kommune innbyr med dette til deltaking i begrensa plan- og designkonkurranse for ny kommunal barnehage, gjennom prekvalifisering. Tilbydarar vert bedt om å utforma ein søknad som er i tråd med dette prekvalifiseringsgrunnlaget. På grunnlag av prekvalifiseringa vil 3 firma bli valt ut til å delta i plan- og designkonkurransen for den nye barnehagen. Plan- og designkonkurranse - fase 2 Konkurransen omfattar både bygg og uteområda. Det skal i fase 2 leverast inn skisser og romløysingar med konkretiseringsgrad som er så høg at det kan nyttast til utarbeiding av kravspesifikasjon når byggeprosjektet skal lysast ut. Fitjar kommune har til intensjon å gå i forhandling og inngå avtale med vinnaren av plan- og designkonkurransen for vidare arkitektarbeid i prosjektet.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Oppdragsgiver
Tittel
Prekvalifisering plan- og designkonkurranse. Ny kommunal barnehage Fitjar kommune.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner