Anbudsoversikt for Prosjektstøtte til Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar i samband med regionreforma

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Bedriftsrådgivning

Hordaland fylkeskommune (HFK) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (SFJ) går saman i ein region frå 1. januar 2020. I samband med dette, skal det gjennomførast mange ulike delprosjekt for å samordne organisering, strategiar, arbeidsmåtar og system. Til dette vil det bli behov for eksterne ressursar, og det er ønskjeleg å inngå ein rammeavtale med ein leverandør om bistand til prosjektstøtte.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Tittel
Prosjektstøtte til Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar i samband med regionreforma
Kvalifikasjonskrav 1

Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. • Norske selskap: Firmaattest • Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som føreskrive i lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert
Kvalifikasjonskrav 2

Leverandøren skal ha økonomisk kapasitet til å kunne oppfylle kontrakten. Leverandøren sitt årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjons melding frå det siste året. Om årsrekneskapen for fjoråret ikkje er ferdigstilt ved frist for innsending av dokumentasjon skal det i tillegg leggjast ved mellombels årsrekneskap for fjoråret. Oppdragsgjevar tek atterhald om å sjølv innhente ei kredittvurdering av leverandøren. Finansiell styrke vert vurdert i forhold til omsetnad, resultatgrad, soliditet og likviditet. Dersom leverandøren av gyldige grunnar ikkje kan leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere den økonomiske og finansielle stillinga si med eit kvart anna dokument som oppdragsgjevar kan akseptere.
Kvalifikasjonskrav 3

Leverandøren skal ha god røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra. Skildring av dei 3 mest relevante oppdraga frå leverandøren i løpet av dei siste 3 åra. Skildringa må inkludere informasjon om verdien av oppdraget, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post.) Referansar vil kunne bli kontakta ved behov for klårgjering av relevansen av oppdraget. Det er likevel slik at det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren skal nytte referanseskjema i Bilag 4. Leverandøren skal ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast. Ei kort og overordna skildring av verksemda som inkluderer: - Ei skildring av verksemda sin forretningsidé, overordna organisering og tal på tilsette - Kjernekompetanse relatert til leveringa Leverandøren skal ha eit velfungerande kvalitetssikringssystem. Skildring av kvalitetsikringssystem/-styringssystem. For å sikre at miljørelevante krav i kontrakten blir etterlevde, skal leverandøren ha tilstrekkeleg miljøkompetanse og rutinar for kvalitetssikring av dei tenestene som er omfatta. Skildring av miljøleiingstiltak eller attest utstedt av uavhengig organ.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner