- Tittel
- Protetikk til spesialistar i Vestland fylkeskommune
- Tildelingskriterium 1
Tilleggsprodukt
- Tildelingskriterium 2
Erfaring/kompetanse
- Tildelingskriterium 3
Levering
- Tildelingskriterium 4
Pris
- Kvalifikasjonskrav 1
Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten.
Oppdragsgjevar vil i utgangspunktet sjølv innhente ei kredittvurdering av leverandøren. Kredittvurderinga baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Finansiell styrke vert vurdert i forhold til omsetnad, inntening, soliditet og likviditet. Oppdragsgjevar tek atterhald om å hente inn leverandøren sitt årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjonsmelding frå det siste året. Utanlandske leverandørar bes om å levera inn årsrekneskap, inkludert eventuelle noter med styre- og revisjonsmelding, frå de siste to årene. Dersom leverandøren av gyldige grunnar ikkje kan leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere den økonomiske og finansielle stillinga si med eit kvart anna dokument som oppdragsgjevar kan akseptere.
- Kvalifikasjonskrav 2
Leverandøren oppfyller de angitte kvalifikasjonskravene:
Alle nødvendige utvalgskriterier spesifisert i innkallingen eller i anskaffelsesdokumentene som er nevnt i innkallingen, er oppfylt.
- Kvalifikasjonskrav 3
Denne oppfyller de objektive og ikke-diskriminerende kriterier eller regler som skal anvendes for å velge ut antallet av leverandører på følgende måte: Hvis det anmodes om visse attester eller andre former for dokumentasjon, angis for hver enkelt om leverandøren er i besittelse av dokumentene som etterspørres:
Hvis noen av disse attestene eller andre former for dokumentasjon er tilgjengelige i elektronisk form , angis dette for hver enkelt:
- Kvalifikasjonskrav 4
Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak
• Norske selskap: Firmaattest frå Brønnøysundregistrene • Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som føreskrive i lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert
- Kvalifikasjonskrav 5
Leverandøren skal ha naudsynte faglege kvalifikasjonar. Leverandøren skal ha ein eller fleire autoriserte tannteknikarar.
Leverandør skal leggje fram opplysingar om utdanning og faglege kvalifikasjonar til autorisert(e) tannteknikar(ar).
- Kvalifikasjonskrav 6
Leverandøren skal ha røynsle frå relevante oppdrag i løpet av dei siste 3 åra
Skildring av dei 3 mest relevante oppdraga leverandøren har hatt i løpet av dei siste 3 åra. Skildringa må inkludere informasjon om verdien av oppdraget, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post). Det er tilstrekkeleg at referanseoppdraga samla sett oppfyller kvalifikasjonskravet. Referansar vil kunne bli kontakta ved behov for klårgjering av relevansen av oppdraget. Det er likevel slik at det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren skal nytte referanseskjema i Vedlegg 4.
- Kvalifikasjonskrav 7
Leverandøren skal ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast.
Overordna skildring av verksemda sin kjernekompetanse relatert til leveringa, overordna organisering og tal på tilsette. Skildring av reiskapane, maskinane, verktøya, materiell eller teknisk utstyr som leverandøren disponerer over til gjennomføring av avtalen.
- Kvalifikasjonskrav 8
Leverandør må ha relevante tiltak innafor kvalitetssikring.
Skildring av kvalitetssikringstiltak. Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande kvalitetssikringssertifisering, er det tilstrekkeleg å leggje ved kopi av gyldig sertifikat.
- Kvalifikasjonskrav 9
Leverandøren skal vere sertifisert etter miljøfyrtårn, EMAS, ISO 14001 eller tilsvarande standardar Hovudleverandør kan ikkje støtte seg på andre leverandørar for å oppfylle dette kravet.
Legg ved kopi av gyldig sertifikat. Annan dokumentasjon for tilsvarande miljøleiingstiltak godtas dersom leverandøren ikkje har moglegheit til å få slike attester innan fristen, og dette ikkje skyldes leverandøren sjølv.