Gulen kommune har fire bu- og omsorgssenter med tilsaman 48 plassar. Rammeavtalen gjeld for tre av desse; Brekke, Dalsøyra og Byrknes bu- og omsorgssenter. Open omsorg i Gulen kommune er organisert med fire omlag like store soner; Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes. Brekke bu- og omsorgssenter ligg i indre delen av Gulen kommune med 12 plassar. Dalsøyra bu- og omsorgssenter ligg i midtre delen av Gulen kommune med 12 plassar. Byrknes bu- og omsorgssenter ligg i ytre delen av Gulen kommune med 12 plassar. Eivindvik bu- og omsorgssenter ligg i kommunesenteret Eivindvik med 12 plassar. I tillegg til faste plassar, kjøper og heimebuande i sonene middag. Gulen kommune ønsker at innbyggerne skal bu heime. Middagsombringing er eit viktig tiltak for å nå dette. I dag vert det levert 35 porsjonar middag fordelt på dei tre sonene som rammeavtalen gjeld for.