Føremålet med anskaffinga er å inngå rammeavtale med ein leverandør om tømming, avvatning, transport, avlessing og behandling av avløpsslam frå private og kommunale slamavskiljarar, minireinseanlegg, reinseanlegg og tette tankar.Arbeidet omfattar og lasting, transport, avlessing og handsaming av utråtna avløpsslam frå Voss reinseanlegg i Gjernesmoen. Dette vil vere ein kontinuerleg prosess gjennom året.Andre oppgåver er å suge/ spyle sandkummar, leidningsnett, pumpestasjonar osv.Andre tenester som naturlig høyrer inn under avtaleområdet kan også bli omfatta av rammeavtalen.Hovedtrekkene i prosedyrenLeverandør må ha kapasitet og egna utstyr til å kunne handtere ei viss auke/endring av anlegg i avtalen.Oppdragsgivar reknar med at revisjonen av den gjeldande lokale forskrifta for tømming av avløpsanlegg i 2023, der det vart lempa på krava til tilkomstveg og slamtømming ved godkjenning av nye avløpsanlegg, vil føre til ei auke i volumet på mindre avløpsanlegg som skal slamtømmast i løpet av avtaleperioden. For desse anlegga må ein nytte traktor og mindre bilar for å kome til. Desse anlegga vert tillagt avtalen etter kvart som dei vert tatt i bruk.Det skal etablerast eit nytt felles avløpsreinseanlegg for Myrkdalen i samsvarmed krav frå Statsforvalteran datert mars 2017. Nytt felles avløpsreinseanlegg vil stå ferdig om 3-4 år, og skal dimensjonerast for inntil 17.500 personar fullt utbygd. Anlegget skal byggast ut trinnvis fram til full kapasitet på 15.500 pe. Avløpsanlegg og enkeltanlegg vil koplast til nytt anlegg over tid. Framdriftsplan for dette er ikkje satt.Oppstartsdato for rammeavtalen er snarleg etter utløpet av karensperioden. Leverandør må kunne ta på seg handsaming av slam for planlagde tømmingar frå juni 2024.
Det vert under dette kriteriet gjort ein skjønnsmessig vurdering av rutinar og tiltak som bidreg til å redusere miljøbelastninga ved gjennomføring av kontrakten.
Det ver mellom anna vurdert på
• I kva grad ein forpliktar seg til å nytte køyretøy med lågt klimautslepp, eller om ein forpliktar seg til å nytte biodrivstoff på køyretøy frå start eller undervegs i avtaleperioden.
• Andre rutinar som bidreg til låge utslepp, til dømes rutinar for tomgangskøyring
• Planlegging av logistikk. slik at ein reduserer tal på køyrekilometer. Mellom anna med tanke på utnytting av kapasitet på køyretøy, tømmetid osb.
• Gjenbruk, til dømes av slam
• Rutinar og planer som bidreg til å redusere skadeomfang ved uhell. Leverandøren bør synleggjere relevante risikoar, og kva tiltak ein har dersom uhellet fyrst har skjedd.
• Andre relevante klima- og miljøtiltak vil også bli vurdert
Tiltak og rutinar må være konkrete for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante døme.
Evalueringsprisen består av summen av ulike einingsprisar, multiplisert med årleg estimert snitt for uttak for kvar post.
Sjå Bilag 4A Prisskjema for oversikt over tenester som vi ber dykk prise.