Sogndal kommune skal rehabilitere Leitevegen 67 ettersom bygget sårt treng vedlikehald. Bygget består av 5 leilegheiter. Prosjektet omfattar rehabilitering og energioppgradering av kommunale bustadar. Prosjektet har motteke energitilskot frå Husbanken, og entreprenøren skal prosjektere og utføre arbeida slik at krav og forutsetningar for tilskotet tilfredsstillast og dokumenterast.
Nærare skildring av leveransen følgjer av Vedlegg 1 Kravspesifikasjon.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga blir gjennomført i samsvar med lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2016 nr. 73 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) av 12. august 2016 nr. 974. Anskaffinga skal gjennomførast etter del I og del II i forskrifta (under EØS-terskelverdi). Avtaletildeling vil bli gjennomført etter prosedyren open tilbodskonkurranse, jf. FOA § 8-3.
Oppdragsgjevar har høve til å foreta avklaringar og/eller forhandle med tilbydarane. Dersom det vert gjennomført forhandlingar, vil dei leverandørane som eventuelt ikkje vert invitert inn i forhandlingane få ei grunngjeving for dette.
Oppdragsgjevar planlegg å tildele avtale utan å ha dialog med leverandørane, utover å gjennomføre eventuelle avklaringar.
Dialog gjennom forhandlingar kan likevel bli gjennomført dersom oppdragsgjevar vurderer dette som føremålstenleg etter at tilboda er mottatt. Utveljinga av kven det eventuelt skal forhandlast med vil i så fall skje etter ei vurdering av tildelingskriteria. Vi presiserer at ingen av leverandørane kan forvente å få forhandle om sitt tilbod og derfor må levere sitt beste tilbod.
Leverandøren vert oppmoda om å følgje dei retningsliner som er gjeve i dette konkurransegrunnlaget med vedlegg, og eventuelt stille spørsmål dersom noko er uklart.
Leverandøren vert oppmoda om å følgje dei retningsliner som er gjeve i dette konkurransegrunnlaget med vedlegg, og eventuelt stille spørsmål dersom noko er uklart.