Kvam herad held på med oppgraderingar av bustadar for å gjera desse meir branntrygge og tilpassa dei meir til dagens krav til bustad. Det er vedteke å lysa ut oppgraderinga av denne bustaden i Rokabrekka, Øystese, som ein totalentreprise. Det vil ikkje vera mogleg å gje tilbod på berre deler av oppdragetTilbodet skal også kunne vera grunnlag for bestilling av oppgradering av fleire tilsvarande bustadar som tilleggsopsjonar i same klyngetun/ leilegheitsbygg.
Bustaden skal totalrenoverast innvendig, med nytt el. anlegg, nye avløpsanlegg, nytt trykkvassystem, ny balansert ventilasjon, nytt varmeanlegg, nye overflater og nye innreiingar. Det må og takast med utvask av leilegheit.
Prosjektet er finansiert med eige oppgraderingsprosjekt for felles brannsikringstiltak, samt tilskot frå ENOVA for energitiltak.Hovedtrekkene i prosedyrenInnkjøpet vert gjort i samsvar med gjeldande lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlege anskaffelser (LOA) og forskrift 12. august 2016 nr. 974 om offentlege anskaffelser (FOA) del I og del II. Innkjøpet gjeld bygge- og anleggskontrakt, og er såleis under EØS-terskelverdi, jf. FOA § 5-3 fyrste ledd bokstav c.
Anskaffelsesprosedyren er open tilbodskonkurranse, jf. FOA § 9-2. Etter innlevering av tilbod planlegg oppdragsgjevar for å gjennomføra dialog i form av forhandlingar med tilbydarane og eventuelle avklaringar av levert tilbod, jf. FOA § 9-3. Forhandlingane kan omhandla alle sider av tilboda. Til dømes kan det verta aktuelt å gjennomføra presentasjonsmøte og avklaringsmøte for å klarleggja innhald i tilbodet eller uklare delar av tilbodet. Forhandlingane kan også omhandla tilbakemeldingar og oppmodingar om forbetring av tilboda. Forhandlingar vert ikkje gjennomført dersom oppdragsgjevar finn at det ikkje er naudsynt eller føremålstenleg å gjennomføra forhandlingar etter ei vurdering av tilboda som er mottekne.
Tilbydarane vert difor oppfordra til å gje sitt beste tilbod ved første tilbodsinnlevering.