Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Nedrivnings- og avfallshåndtering

Sunnfjord Kommune trenger rivingskompetanse for å levere rivingsarbeid til en verdi av 600 000 NOK. Det skal rives tre bygninger på eiendommen gbnr. 23/171, inkludert rydding av "rusk og rask" både utomhus og inne i bygningene, samt håndtering av farlig avfall som asbest. Anbudets vekting er 100% på pris.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Oppdragsgjevar innbyr med dette til konkurranse om kontrakt Rivingsarbeid Angedalsvegen 89. Bygningar som høyrer til gbnr. 23/171 i Sunnfjord kommune skal rivast. Det er på gardstunet tre bygningar som skal rivast, våningshus med byggjeår 1958, driftsbygning oppført ca. år 1850 og redskapshus oppført rundt 1975. I tillegg skal «rusk og rask» både utomhus på tomta og inne i bygningane ryddast og fjernast. Det er utført ei miljøkartlegging av bygningane, sjå vedlegg. Det går fram av rapporten at bygningane inneheld nokre bygningsdelar med innhald av helse- og miljøfarlege stoff som vil medføre at bygningsdelane må handterast som farleg avfall ved riving Det vert gjort merksam på at driftsbygningen er i relativt dårleg stand, delar av bygningen er rasa ned. Driftsbygningen inneheld ein del asbest. Våningshuset og redskapshuset er også oppført i eit tidsrom då asbest var svært vanleg, så det kan framleis vere asbest i bygningane som ikkje er oppdaga under kartlegginga. Det må såleis utvisast spesiell aktsemd ved all form for riving av bygningane. For nærare orientering om prosjektet, entrepriseoppdeling og kontraktarbeidet, sjå del II - Kontraktsgrunnlaget. Kontraktens oppstart er sett til 22.januar med forventa ferdigstilling innan utgangen av april 2024. Som kontraktsføresegner gjeld NS8407 med korreksjonar som går fram av del II - Kontraktsgrunnlaget, punkt B.2 Spesielle kontraktsføresegner og B.3 Seriøsitetskrav.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga er regulert av lov om offentlege anskaffingar og forskrift om offentlege anskaffingar (”anskaffelsesforskriften”) del II under EØS-terskelverdier. Oppdragsgiver tar atterhald om at konkurransen kan bli gjennomført ved at det kun blir gjennomført eventuelle nødvendige avklaringar og utan at det blir gjennomført forhandlingar. Tilbydarane må derfor komme med sitt beste tilbod, ved innsending av tilbod. Oppdragsgjevar forbeholder seg retten til å gjennomføre eventuelle forhandlingar i fleire fasar og redusere tal tilbod det skal forhandlast om. Ein slik reduksjon vil skje på bakgrunn av dei oppgitte tildelingskriteria. Ein første reduksjon kan skje i forkant av forhandlingane.

    Kontakt telefon
    57726106
    Adresse
    Hafstadvegen 42, 6800 FØRDE

Tildelingskriterier

    Beskrivelse

    I evaluering av pris vil lågaste tilbodspris få 10 poeng og to gonger lågaste tilbodspris få null poeng. Øvrige tilbodsprisar vil bli skalert lineært. Tilbodspris høgare enn to gonger lågaste tilbodspris vil få null poeng.

    Evalueringsmetode

    Lågeste tilbodspris får 10 poeng. To gonger lågaste tilbodspris får 0 poeng. Øvrige tilbodsprisar blir skalert lineært. Tilbodspris høgare enn to gonger lågaste tilbodspris får 0 poeng.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner