Anbudsoversikt for Røyrleggartenester med materiell

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Rammeavtalen gjeld kjøp av røyrleggartenester, samt materiell som er nødvendig for å utføre tenestene. Nedanfor følgjer ei oversikt over oppdrag som typisk er aktuelle for Kunden (lista er ikkje uttømmande): • Vedlikehald og reparasjon av eksisterande røyranlegg • Installasjon av nye røyranlegg • Tilstandsanalyse på røyranlegg Prosjekta vil variere i omfang.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Oppdragsgiver
Tittel
Røyrleggartenester med materiell
Kategori (CPV)
Estimert verdi
13 000 000,00 kr
Varighet
24 måneder
Tildelingskriterium 1

Miljø
Tildelingskriterium 2

Kvalifikasjonskrav 1

Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. - Dokumentasjonskrav: Norske leverandørar: Firmaattest Utanlandske leverandørar: attest for registrering i faglege register som bestemt i tråd med lovgjevinga i det landet leverandøren er etablert.
Kvalifikasjonskrav 2

Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal ha ein økonomi som er tilfredsstillande nok til å kunne gjennomføre sine kontraktsforpliktingar. - Dokumentasjonskrav: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Denne skal vere utførd av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive med slik verksemd. Oppdragsgjevar forbeheld seg retten til å sjølv innhente kredittvurdering av leverandøren. Nyetablerte selskap som ikkje har opparbeidd grunnlag for kredittvurdering må leggje ved erklæring frå bank, revisor eller liknande finansieringsinstitusjon vedkomande føretaket si økonomiske og finansielle stilling. Dersom leverandør har sakleg grunn til å ikkje legge fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar krev, for eksempel dersom han meiner at informasjonen ikkje gir eit korrekt bilete av den økonomiske situasjonen til leverandør, kan leverandør dokumentere sin økonomiske og finansielle stilling ved å leggje fram andre dokument som oppdragsgjevar ser som eigna.
Kvalifikasjonskrav 3

Kvalifikasjonskrav 1: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg kompetanse og erfaring til å gjennomføre kontrakten på ein tilfredsstillande måte. - Dokumentasjonskrav 1: Leverandør skal levere ei oversikt med inntil 3 liknande leveransar som leverandøren har utført i løpet av dei siste 3 åra. Leveransane treng ikkje vere rammeavtalar. Oversikta skal innehalde opplysningar om kontraktanes verdi, tidspunkt for levering eller utføring og namn på mottakar. Ansvarleg kontaktperson hjå leverandør og kunde skal kome tydeleg fram og inkludere telefonnummer. - Kvalifikasjonskrav 2: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg bredde i bemanninga til å kunne gjennomføre kontrakten som einaste leverandør på ein tilfredsstillande måte. - Dokumentasjonskrav 2: Leverandøren skal levere ei oversikt over gjennomsnittleg årleg arbeidsstyrke, inkludert talet på: 1. Fagarbeidarar (røyrleggar med fagbrev) 2. Lærlingar (røyrleggarlærling utan fagbrev) Det er ikkje eit krav at Leverandør har lærlingar ved tilbodsfrist, men bemanninga må vere tilstrekkeleg. - Kvalifikasjonskrav 3: Leverandøren skal ha kvalitetssikringstiltak som sikrar forsvarleg gjennomføring av kontrakten - Dokumentasjonskrav 3: Leverandør skal levere ei beskriving av sine kvalitetssikringstiltak, for eksempel kvalitetssikringssystem, som inneheld informasjon om: • Internkontroll knytt til HMS • Rapportering av endringsmeldingar eller tillegg • Innlevering og rapportering på FDV- dokumentasjon

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner