Beskrivelse
Anskaffinga har etter sin art eit klimaavtrykk og ei miljøbelastning som er uvesentleg. Grunngieving i tråd med FOA § 7-9 (5): Oppdragsgjevar vurderer at det største klimaavtrykket er knytt til eventuell transport av avtrykk og tenner fram og attende til aust-Asia for produksjon. Da forsendingane er svært lette (estimert til 150 g), blir totalt tal kg transportert fram og attende i løpet av eit år ganske lågt, estimert til 800 kg kvar veg. Avhengig av kva faktorar ein nyttar til å vurdere CO2-utslepp for lang-distanse flyreiser, gir dette eit årleg utslepp på mellom 10 og 20 tonn CO2, avrunda til 15 tonn. Bruk av faktorar for transport innad i Noreg viser at utlsepp knytt til dette er heilt marginalt. Gitt at kostnaden er 7 MNOK per år blir dette eit forhaldstal på ca 2 tonn CO2-ekvivalenter per 1 MNOK brukt, noko som er relativt sett lågt samanlikna med andre tenester/produkt.