Vestland fylkeskommune arrangerer kvart år UKM (Ung Kultur Møtest) fylkesfestival. I 2023 skjer festivalen 28.-30. april på to samtidige lokasjonar, Sogndal (region nord) og Fitjar (region sør). Anskaffinga gjeld produsenttenester for gjennomføring av UKM Vestland fylkesfestival 2023. Anskaffinga er delt inn i to delkontrakter: - Delkontrakt 1: Produsent region sør - Delkontrakt 2: Produsent region nord Oppdraga vil strekke seg over heile prosjektperioden, frå kontraktssignering og fram til veka etter festivalhelga. Utfyllande skildring av anskaffinga går fram av del 2 vedlegg A (Kravspesifikasjonen).