Utgreiinga skal gi avgjerdsgrunnlag som kan etterprøvast for om, og eventuelt korleis, Vestland fylkeskommune kan organisere drift av rutepakkar for buss i eitt avgrensa kontraktsområde i eigenregi med sikte på:
• betre ressursutnytting
• mangfald i bransjen/konkurranse
• fleksibilitet i investering og drift
Utgreiinga skal òg belyse konsekvensar for fylkeskommunen si styring/administrasjon og økonomiske risiko ved ein modell der eigenregi/hybrid kan gå parallelt med anbod i andre kontraktsområde.
Utgreiinga skal gi eit avgjerdsgrunnlag som kan etterprøvast, og som og tek høgd for realistisk tidsløp for politiske vedtak og implementering (organisering, rekruttering og eventuell verksemdoverdraging), før ein konkluderer på kva rutepakke som er eigna og gjennomførbar som pilot for eigenregi.
Utgreiinga er avgrensa til å omfatte buss i eigenregi. Det vert derfor avgrense mot utgreiing av eigenregi for hurtigbåt, ferje og Bybane.
Oppdraget er ikkje avgrensa til Bergensområdet. Plan for konkurranseutsetting av busskontraktane i Bergen er under utarbeiding, og Skyss må sikre drift gjennom kunngjering av nye konkurransar. Det er derfor vurdert som utfordrande å avgrense mandatet til Bergensområdet tidsmessig.
Rutepakkar i Bergensområdet skal vurderast som moglege kandidatar, men oppdraget skal ta utgangspunkt i realistisk tidsløp for politiske vedtak og implementering, slik at tilrådde kandidatar har praktisk gjennomførbarheit innan relevante kontraktsvindauge. Utgreiinga kan tilrå andre rutepakkar dersom dette gir betre beslutningsverdi innanfor tid/omfang/risiko.
Oppdraget er inndelt i to fasar Fase 0 og Fase 1
FASE 0: Omfattar to delleveransar (L0A) og (L0B) og politisk styringspunkt (SP0) inne i fasen, der oppdragsgivar kan justere omfanget og eventuelt avgrense vidare arbeid med alternative modellar for å redusere kompleksitet. Administrasjonen har estimert fase 0 til mellom 500 og 900 timar avhengig av datatilgang, caseval og omfang på organisering og materialforvaltning.
FASE 1: