Utgreiinga skal gi avgjerdsgrunnlag som kan etterprøvast for om, og eventuelt korleis, Vestland fylkeskommune kan organisere drift av rutepakkar for buss i eitt avgrensa kontraktsområde i eigenregi med sikte på:
• betre ressursutnytting
• mangfald i bransjen/konkurranse
• fleksibilitet i investering og drift
Utgreiinga skal òg belyse konsekvensar for fylkeskommunen si styring/administrasjon og økonomiske risiko ved ein modell der eigenregi eller ein hybridmodell (offentleg eigarskap av materiell med konkurranseutsett drift) kan gå parallelt med anbod i andre kontraktsområde.
Utgreiinga skal gi eit avgjerdsgrunnlag som kan etterprøvast, og som og tek høgd for realistisk tidsløp for politiske vedtak og implementering (organisering, rekruttering og eventuell verksemdoverdraging), før ein konkluderer på kva rutepakke som er eigna og gjennomførbar som pilot for eigenregi.
Utgreiinga er avgrensa til å omfatte buss i eigenregi. Hurtigbåt, ferje og bybane skal ikkje utgreiast.
Rutepakkar i Vestland skal vurderast som moglege kandidatar, og oppdraget skal ta utgangspunkt i realistisk tidsløp for politiske vedtak og implementering, slik at tilrådde kandidatar har praktisk gjennomførbarheit innan relevante kontraktsvindauge.
Oppdraget er inndelt i to fasar Fase 0 og Fase 1
FASE 0:
Fase 0 Omfattar to delleveransar (L0A) og (L0B) og politisk styringspunkt (SP0) inne i fasen, der oppdragsgivar kan justere omfanget og eventuelt avgrense vidare arbeid med alternative modellar for å redusere kompleksitet. Administrasjonen har estimert fase 0 til mellom 500 og 900 timar avhengig av datatilgang, caseval og omfang på organisering og materialforvaltning.
FASE 1:
Fase 1 er opsjon for oppdragsgiver. Denne fasen omfatter nærmere definerte tilleggsleveranser og/eller vidare utredning. Omfanget av en eventuell Fase 1, er er estimert til i underkant av 1350 timer.