Søkeresultater for Kinn Kommune

  1. /
  2. Kinn Kommune

Viser 151-175 av 261 resultater

  1. Kinn Kommune

    Påbygg modulskule Tennebø

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale med ein leverandør for bygging, levering og montering av modulbygg av høg kvalitet. Det skal leverast 7 modular der 4 er klasseromsmodular og 3 er modular for tilkomst. Desse skal byggast oppå eksisterande modulbygg laga av moelvenbrakker på Tennebø i nordre del av Kinn. Nærare spesifikasjon av oppdraget finn ein i Vedlegg 1 Kravspesifikasjon. Avtale vil bli inngått etter NS8406 forenkla bygg-og anleggskontrakt. Arbeid etter avtale må startast opp umiddelbart, og leveransen startast opp så snart vanleg skuledrift opphøyrer ved sommarferien. Bygget skal være ferdig/rent bygg i tide til å klargjere for oppstart av skule 1. August 2022.

    NorgeKonkurranse8. mars 2022
    8. mars 2022(Utgått)
  2. Kinn Kommune

    Oppgradering trykkøkningstasjon Botnaholten

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale om oppgradering av trykkøkningsstasjon Botnaholten. Botnaholten trykkaukestasjon består av 3 parallelle pumper, som forsyner nettet og Botnaholten høgdebasseng. Trykkaukestasjonen er plassert på kt. 60 og høgdebassenget på kt. 145. Trykkaukestasjonen skal rehabiliterast, både utvendig og innvendig. Innvendig omfattar arbeidet mellom anna riving av alle komponentar som skal utskiftast, nye pumper (3stk), nye ventilar og røyropplegg mellom manifoldar, nye ventilar på eksisterande røyropplegg, ny mengdemålar, betongfundament pumper, nedstøyping av rør/trekkerør, ny avfuktar og pusse ned golv og nytt epoksy-golv. Utvendig omfattar arbeidet mellom anna vask av tak, riving av bordkledning, vindskeier, takrenner og liknande. Bygget skal få ny platekledning, takrenner, dør og liknande.

    NorgeKonkurranse31. jan. 2022
    2. mars 2022(Utgått)
  3. Kinn Kommune

    Generalentreprise Holvik VA-Anlegg

    Det skal etablerast nytt reinseanlegg for avlaup i Holvik og samtidig skal eigedommane nærast sjøen som i dag har eigne utslepp koplast til det felles avlaupsanlegget med ein kombinasjon av sjølvfall- og pumpeleidningar. På delar av strekninga skal vassrøyr og -kummar bytast og det skal leggast overvassrøyr. I tillegg skal gatelysa oppgraderast og kabelinfrastruktur skal leggast i parallell kabelgrøft. To større knausar like ved fylkesvegen skal sprengast og det er venta at også grøftene krev ein god del sprenging. I tillegg er det noko lausmassar. Prosjektet har betydeleg masseoverskot. Prosjektet er skildra i beskrivelse og kontraktsgrunnlag. Arbeidsstad blir i Holvik, i hovudsak på kommunal grunn og på fylkesveg. Avtale blir inngått i tråd med Kontraktsgrunnlag vedlagt her, der en legg til grunn NS8406 som kontraktsmal.

    NorgeKonkurranse27. jan. 2022
    23. feb. 2022(Utgått)
  4. Kinn Kommune

    Rammeavtale digitale skjermer

    Gjennom denne anskaffinga ynskjer INSS å inngå rammeavtale med ein – 1 – leverandør for levering av digitale skjermar (42’’ og oppover) for deltakanade kommuner i anskaffinga. Omfanget av avtalen er uklart, og det påligg ikkje INSS eller kommunane som deltek nokon kjøpsplikt i volum etter denne anskaffinga. Eksempel på produkt som inngår i avtalen: - Informasjonskjermer - Møteromsskjermer - Interaktive skjermer - Berøringsskjermer - Projektorer - Veggfeste og mobile fester til skjermer - Lydutstyr til bruk saman med skjermer

    NorgeKonkurranse25. jan. 2022
    28. feb. 2022(Utgått)
    20 000 000 kr
  5. Kinn Kommune

    Totalentreprise Ny maskinpark Måløy Avløpsrenseanlegg

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale med ein leverandør av maskineri til avløpsrenseanlegg til eksisterande bygningar i renseanlegget i Måløy. Leveransen gjennomførast som totalentreprise der valgte leverandør har ansvarleg for prosjektering og alle fag fram til ferdig, godkjend og idriftsett anlegg, med tilhøyrande garantiperiode og kontrollar. Oppdraget er nærare skildra i Vedlegg 1 Kravspesifikasjon. Avtale vil bli inngått etter NS8407 - Totalentreprise

    NorgeKonkurranse19. jan. 2022
    15. feb. 2022(Utgått)
  6. Kinn Kommune

    Detaljprosjektering Måsholmen m/Håskjera

    Oppdragsgjevar vil med denne anskaffinga inngå avtale på detaljprosjektering av Måsholmen og Håskjera. Planområdet femnar om ca. 127.000 m2 på land og i sjø. Kommunen og næringsaktørane i Gunhildvågen ser føre seg ei utbygging av landområdet. Vi planlegger å ta i mot steinmassar i området frå utdjuping av skipleia utanfor, og treng derfor bistand slik at vi kan mottatt steinmassar. Arbeidet skal inkludere nødvendige undersøkingar og detaljreguleringsplan, samt søknad om godkjenning av utfylling i sjø/byggesøknad. Data frå multistrålekartlegging er frigjort og tilgjengelig.

    NorgeKonkurranse22. des. 2021
    6. jan. 2022(Utgått)
  7. Kinn Kommune

    Konsulenttenester ved avslutning av avfallsdeponi

    Kinn kommune har meldt frå om at deponering av avfall er opphøyrd i samsvar med krav i utsleppsløyva. I samsvar med forureiningsregelverket vil Statsforvaltaren setje nærare krav til avsluttingstiltak og etterdrift av desse deponia. Stadene vil verte følgt opp som sjølvstendige saker. Prosessen vil verte om lag slik: Driftsansvarleg må få utarbeidd ny/oppdatert framlegg til tiltak i avslutnings- og etterdrifts perioden, inkludert plan for overvaking. Framlegget må utarbeidast av uavhengig og kompetent tredjepart. Plan for avslutting og etterdrift har vore førebels utarbeidd for Purkehola i 2011 – 2013. Av ulike grunnar vart ikkje arbeidet ferdig behandla. Kommunen kan nytte arbeidet som grunnlag for utarbeiding av framlegg til tiltak. Dette framkjem i «skildring av oppdraget» vedlegg 1.

    NorgeKonkurranse10. des. 2021
    17. jan. 2022(Utgått)
  8. Kinn Kommune

    Ny sentrumsbarnehage i Florø - 2 gangs utlysning

    Kinn kommune skal bygge ny barnehage ved dagens Nepjarhaugen barnehage i Florø. Dagens barnehage på tomta skal rivast og erstattast av nytt bygg med kapasitet på 80 storbarnsekvivalentar fordelt på 4 avdelingar for barn i aldersgruppa 0-6 år. Bygget skal vere eit framtidsretta barnehagebygg ivaretek behovet for fleskisbillitet i høve barnehagedrift. Nepjarhaugen barnehage skal vere i drift i byggetida. Det skal byggast barnehage som går over to plan (pluss kjellar), med mogelegheit for utviding til eit tredje plan. I samband med riving av eksisterande Nepjarhaugen barnehage og nybygg vert det behov for noko opparbeiding av nytt leikeareal og tilpassing til eksisterande. Det eksisterande leikearealet til Nepjarhaugen skal bevarast i størst mogleg grad. I tillegg til dagens barnehage skal det og rivast andre bygningsdelar som ligg på tomta. NB: Andregangs utlysning

    NorgeKonkurranse7. des. 2021
    28. jan. 2022(Utgått)
  9. Kinn Kommune

    Open tilbodskonkurranse for rammeavtale på Elektrikartenester m/materiell - Kinn kommune

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale for elektrikartenester m/materiell for Kinn kommune. Anskaffinga vert delt inn i to delar etter to geografiske område, der det eine området er nordlege Kinn (tidl Vågsøy kommune, unnteke Bryggja) og sørlege Kinn (tidl Flora kommune). Leverandør kan gje tilbod på ein eller begge delane. Evaluering og tildeling skjer pr del. Det skal anskaffast elektrikartenester m/materiell for løpande vedlikehald, utbetringar og mindre anlegg. Tenestane skal utførast på alle typar kommunale bygg, veglys og VA tekniske installasjonar.

    NorgeKonkurranse6. des. 2021
    10. jan. 2022(Utgått)
    24 000 000 kr
  10. Kinn Kommune

    Generalentreprise VA Tua 2

    I hovudsak gjeld arbeidet separering av dagens fellessystem og utskifting av vassforsyningsanlegget, men og opprusting av dagens høgspent og lågspentanlegg i området. Utstrekninga av området går fram av situasjonsplan og vil være innom følgjande veger/gater: - Gaddevåggata - Gaddevegen - Tuegata - Tilknytingar i Atle Jarls Gate - I fortau Skudalsvegen - Boring under Firdavegen - Kleiva - Tilknyttingsgrøft til pumpestasjon v/uteseksjon (Skudalsvegen) Omfang: VA grøft 1160 m (inkl stikk til tomter) Kabelgrøft 1200 m (inkl stikk til tomter) Masseutskifting 10200 m3 Asfalt 5100 m2 Boring under Firdavegen, samt under garasje Gaddevåggata 8 1 stk pumpestasjon med overbygg Opsjon: Det er tatt med opsjon for grøfter til tomter som i dag har avløp til kommunalt anlegg, men som må snu fallet til anna side av huset. 6 stk nedgravde minipumpestasjoner til bolighus. I opsjon er det og med poster for arbeid med svartelista planter

    NorgeKonkurranse12. nov. 2021
    8. nov. 2021(Utgått)
  11. Kinn Kommune

    Open anbodskonkurranse for rammeavtale på: Lyskjelder - INSS

    Oppdragsgjevar for denne anskaffinga er innkjøpssamarbeidet for Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS). INSS har som formål med denne anskaffinga å inngå rammeavtale med en leverandør for kjøp av lyskjelder. Det skal anskaffast følgande produktgrupper for lyskjelder: - LED-lyskjelder (både komplett med støpsel og kun lyskjelder) – Halogenlamper – Kompaktlysrør – Lysrør – Radiumlyskjelder – tennere/startarar og i tillegg er det behov for nokre få typar batteri. Deltakarar i rammeavtale etter denne anskaffinga er: Fjaler, Gulen, Hyllestad, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Stad, Stryn, Vik, Årdal. Anskaffinga vert gjennomført av Kinn kommune Innkjøp på vegner av INSS. Anskaffinga er regulert av «lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2017» med tilhøyrande forskrift. Anskaffinga følger del I og III i forskrifta og prosedyre er open anbodskonkurranse. Dette er ei prosedyre som ikkje tillet forhandlingar.

    NorgeKonkurranse27. okt. 2021
    1. des. 2021(Utgått)
    7 000 000 kr
  12. Kinn Kommune

    Utarbeiding av masseforvaltningsplan for mottak av steinmassar fra Stad skipstunnel og Mortingsbåen-Florevika

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale på en masseforvaltningsplan for mottak av steinmassar fra Stad skipstunnel (Stad kommune, Kinn kommune og Vanylven kommune), Mortingsbåen - Florøvika (Kinn kommune). Oppdraget går ut på å utarbeide ein rapport for håndtering av overskuddsmasser etter tunneldrift ved Stad skipstunell i Stad kommune og udjupning av skipsleia i Kinn kommune (Mortingsbåen – Florøvika).

    NorgeKonkurranse19. okt. 2021
    5. nov. 2021(Utgått)
  13. Kinn Kommune

    Rammeavtale for kjøp av Utstyr til datasenter og rådgjeving mv IKT-Nordfjord 2021

    IKT Nordfjord/Nordfjordnett og deltakande kommuner vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale med ein leverandør for kjøp av følgande typer utstyr og tenester: Aksesspunkt, Nettverksutstyr - kantswitch, Nettverkstutstyr – datasenter-/kjerneswitcher, Nettverksutstyr - brannmur, UPS, Server – bladeservere, SAN – disk til eksisterande SAN, Konsulenttenester knytt til utstyr i punkta over Avtalen gjeld for 1 år med einsidig opsjon på lenging 1+1 år, i alt inntil 3 år. Omfanget er uklart, og det påligg ikkje oppdragsgjevar eller kommuane noko prikt på kjøpsvolum etter denne avtalen.

    NorgeKonkurranse15. okt. 2021
    22. nov. 2021(Utgått)
    21 000 000 kr
  14. Kinn Kommune

    Teknisk vurdering av byggningsmasse - Florø sjukehus

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale på utarbeidelse av rapport vedrørande tekniske vurderingar av bygningsmassen med meir. Rapporten skal blant anna: Vere tverrfagleg og innehalde tekniske vurderingar av alle byggfag inkludert arkitekt etter NS 3424. Byggningsfysikk og brann skal være på nivå 2. Andre fag på nivå 1 Vurdere funksjonelle forhold i bygga sett i forhold til krava frå Husbanken relatert til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester Gje faglege råd – råd om heile, eventuelt deler av bygningskroppane er å rekne som eigna til føremålet – faglege råd om kva som eventuelt kan rehabiliterast og kva som eventuelt bør rivast Sjå konkurransegrunnlag for meir info.

    NorgeKonkurranse30. sep. 2021
    18. okt. 2021(Utgått)
  15. Kinn Kommune

    Entreprise Kvalheim avløpsanlegg

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale om utføring av arbeid i entreprise for alle arbeider, slik det framkjem i vedlegg 1 – Beskrivelse. Entreprisen omfattar blant anna levering og installasjon av avlaupsrenseanlegg (slamavskiljar), spillvasskummar, oppstillingsplass, natursteinsmur, ca. 50 meter røyr og VA-grøfter, rivingsarbeid og asfaltering. Anleggsområdet vil vere delt i to, der slamavskiljaren skal plasserast ved sidan av vegen, og ved strandlinja der utslippskum, røyr/utslippsleidning og forankring skal byggast. Det vil vere nødvendig med provisorisk tilkomst til strandlinja.

    NorgeKonkurranse23. sep. 2021
    15. okt. 2021(Utgått)
  16. Kinn Kommune

    Detaljprosjektering av komplett Vass-Kraftverk og ny overføringsledning for vatn i/ved Sagaelva i Florø

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale på detaljprosjektering av komplett Vass-Kraftverk og ny overføringsledning og for vatn i/ved Sagaelva i Florø, samt veg frå Guleslettene til Sagavatnet. Oppdragsgiver ønsker å kjøpe rådgivertjenester til detaljprosjektering, utarbeiding av kravspesifikasjon for konkurransegrunnlag i form av tilbudsgrunnlag/arbeidsgrunnlag for entreprise med delfag etter NS8405. Spesifikasjoner skal utarbeides i samsvar med NS3420, samt Kinn kommune sin VA-Norm. Det skal i tillegg utarbeides nødvendige anbudstegninger, arbeidstegninger og som bygget-tegninger. Avtale vil bli inngått etter NS 8402.

    NorgeKonkurranse13. sep. 2021
    6. okt. 2021(Utgått)
  17. Kinn Kommune

    Gjennomføring av sals- og skjenkekontrollar

    INSS vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale med ein leverandør på kontroll av skjenke- og salsstadar for alkohol, salsstadar for tobakk med opsjon på smittekontroll. Formålet med sals- og skjenkekontrollverksemda er å bidra til at sal og skjenking av alkoholhaldig drikk foregår innanfor ramma av gjeldande lov og regelverk, og at tobakkskadeloven blir overhaldt på dei aktuelle sals- og skjenkestadene. Leverandøren må til ei kvar tid halde seg til rammevilkår frå kommunane, herunder evt. endringar i alkoholpolitiske retningsliner samt sals- og skjenketider. Lov om omsetning av alkoholhaldig drikk og Lov om tobakksskadar vert lagt til grunn for kontrolltenesta. Det skal årleg gjennomførast sals- og skjenkekontrollar i henhold til lova sitt minimumskrav.

    NorgeResultat1. sep. 2021
  18. Kinn Kommune

    Analyser av vannprøver i samband med forurensa grunn

    Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale på analyse av vannprøver. I samband med opprydding av skytebane i Kinn kommune har vi behov for ein avtale om analysar av vassprøver før, under og etter opprydding: Vi treng analyser for parametera lista opp nedanfor. - Suspendert stoff (SS) - Totalt organisk karbon (TOC) - Konduktivitet (mS/m) - pH - Bly - Kopar - Sink - Antimon Tungmetalla skal analyserast på filtrerte prøver. Første prøvetaking bør inkludere analyser av tungmetall både på oppslutta og filtrerte prøver for å sjå på fordelinga av vassløyst og partikkelbunden forureining. Vi ser for oss prøveintervallar : Kvar 14. dag frå no og 3 år etter at arbeidet er avslutta. Det er fem prøvepunkt og i alle fall ei prøve skal takast av bekk som flaska ikkje kan senkast ned i.

    NorgeKonkurranse19. aug. 2021
    1. sep. 2021(Utgått)
    350 000 kr