INSS vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale med ein leverandør på kontroll av skjenke- og salsstadar for alkohol, salsstadar for tobakk med opsjon på smittekontroll. Formålet med sals- og skjenkekontrollverksemda er å bidra til at sal og skjenking av alkoholhaldig drikk foregår innanfor ramma av gjeldande lov og regelverk, og at tobakkskadeloven blir overhaldt på dei aktuelle sals- og skjenkestadene. Leverandøren må til ei kvar tid halde seg til rammevilkår frå kommunane, herunder evt. endringar i alkoholpolitiske retningsliner samt sals- og skjenketider. Lov om omsetning av alkoholhaldig drikk og Lov om tobakksskadar vert lagt til grunn for kontrolltenesta. Det skal årleg gjennomførast sals- og skjenkekontrollar i henhold til lova sitt minimumskrav.