Vestland Fylkeskommune
Blomster
Oppdragsgjevar ønskjer å inngå rammeavtale for levering av blomster. Det vert hovudsakeleg kjøpt bukettar og dekorasjonar, men oppdragsgjevar vil og ha moglegheit til å kjøpe andre typar blomster. Blomane skal kunne leverast til alle fylkeskommunale einingar, andre verksemder og privatpersonar i heile Noreg. For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha rett til forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år.